Veterinærinstituttet kritisk til kapasitetsauke

I sitt høringssvar til regjeringas forslag om ei fem prosent produksjonsauke, skriv Veterinærinstituttet at dei er kritisk til at miljøgevinsten kan innfris med dagens teknologi.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt ut på høyring eit framlegg til ny forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure. Forskrifta legg opp til at etablerte aktørar kan auke produksjonen med opptil 5% på vilkår av at talet på lus og medikamentelle lusebehandlingar vert halde på eit lågt nivå.

Veterinærinstituttet seier seg i høyringssvaret positive til at ein auke i MTB vert knytt til kontroll med lakselus. Men det vert peikt på at grunnlaget for å kunne dokumentere og halde lusetalet på eit så lågt nivå ikkje enno er på plass. Tellemetodikken som vert nytta gir for stor usikkerheit ved så låge lusetal som eit gjennomsnitt på 0,1 vaksne holus per fisk.

Samstundes treng ein meir erfaring med bruk av fleire ikkje-medikamentelle metodar i kombinasjon før dei kan forventast å gi effekt i større omfang.

På grunn av desse to forholda vil Veterinærinstituttet foreslå at forskrifta om kapasitetsauke ikkje vert gjennomført i 2015. I staden bør produksjonsgrenser knytt til lusetal arbeidast inn i ei ny melding til Stortinget om  vidare vekst for havbruksnæringa. Ei slik stortingsmelding bør også inkludere behovet for andre indikatorar for god fiskehelse.

Last ned det fulle høringssvaret til Veterinærinstituttet her:

Høyringssvar Veterinærinstituttet.pdf 821,02 kB