Bjørn Erik Brudeseth doktorgrad Norges veterinærhøyskole pharmaq

VHS-virus smitter via gjellene

Bjørn Erik Brudeseth har gjennom doktorgrads-arbeidet sitt presentert nye funn og metodar som forklarer kvifor nokre sjøvatnsisolat av VHS-virus manglar evne til å infisere regnbogeaure.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bjørn Erik Brudeseth disputerte tirsdag 5. mai for graden dr. philos. ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga "Novirhabdovirus infections of fish - with emphasis on VHS patogenesis".

Viral hemorhagisk septikemi (VHS) er ein svært smittsam sjukdom hos regnbogeaure i ferskvatn. Sjukdommen er årsak til store tap i oppdrettsnæringa i Europa. Det er kjent at VHS-viruset opptrer i vill marin fisk. Østersjøen er eit område med høg førekomst av smitta fisk, i særleg grad hos sild skriv Noregs Veterinærhøgskole på nettsida si.

Som ein del av doktorgradsstudiet gjennomførte Bjørn Brudeseth i samarbeid med Havforskningsinstituttet fleire tokt i perioden 1997-1999 for å studere førekomsten av VHS-virus i marin fisk i norske farvatn. Det blei samla inn 4653 prøvar frå Norskehavet, Barentshavet og dei kystnære farvatn i Lofoten, men det blei ikkje funne virus i ein einaste av desse prøvane. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at viruset finst her.

I Skagerrak og langs kysten av Sørlandet blei det samla inn prøvar frå totalt 3742 fisk. Av desse var to prøvar viruspositive, ein frå kolmule og ein frå augepål. Funn av VHS-virus i marin villfisk viser at dette kan representere ein risiko for utbrot i oppdrett.

Marine VHS-isolat snillare mot regnbogeaure I 2008 blei det påvist VHS hos regnbogeaure i Noreg i ein sjøvatnlokalitet (Storfjorden) der smittekjelda var av mogeleg marint opphav. Dette funnet førte til mykje diskusjon fordi sjøvatnsisolat av VHS-virus generelt har lita evne til å drepe regnbogeaure i motsetning til ferskvatnsisolat av viruset. Bakgrunnen for at det er slik, har ikkje vore kjent.

I studiane sine presenterer Brudeseth ei mogeleg forklaring på dette fenomenet. Han viser for fyrste gong at marine isolat av VHS-virus som ikkje drep yngel av regnbogeaure, manglar evna til å infisere yngelen sitt gjelle-epitel og passere over dette. I tillegg manglar dei marine isolata evne til å infisere makrofagar i fisken sine immunorgan. Makrofagar er "eteceller" som tek opp i seg og etter kvart fjerner smittestoff. Infiserte makrofagar er ein viktig spreiingsfaktor for virus "inne" i fisken.

Dermed manglar dei "snille" variantane av VHS-virus evne til å passere fisken sine ytre barrierar (gjellene), og dei manglar også evna til å infisere fisken sine immunceller. Dei metodane som er utvikla som ein del av doktorgradsarbeidene, skapar eit godt grunnlag for å karakterisere nye variantar av VHS-virus med omsyn på evna deira til å infisere fisk.

Personleg informasjon Bjørn Erik Brudeseth er utdanna ved Universitet i Bergen og fullførte cand. scient. graden i 1996. Han har vore tilsett ved Veterinærinstituttet, seksjon for Patologi frå 1994 til 1999. I perioden 2000 fram til no har han vore tilsett i Pharmaq (frå 2000-2004 var selskapet ein del av Alpharma).