
- Vi er for opptekne av eit tal på lus per fisk
Biologi-professor Frank Nilsen ved Universitetet i Bergen er skeptisk til korleis styresmaktene i dag prøver å kontrollere mengdene av lus i oppdrettsanlegga. Han meiner vi har hengt oss for mykje opp i eit gjennomsnittstal for lus per fisk.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I eit intervju med Dag og Tid påpeikar Nilsen at når det finst fleire hundre millionar oppdrettslaks i Noreg, kan lakselusa vere eit stort problem for villaksen sjølv om snittalet for lus per laks er lågt. Eit slikt snittal fortel ikkje om den samla mengda av lus.
Professoren vil ikkje kome med noko tal for kva som kan vere eit berekraftig nivå av lakselus, om vi skal kunne berge villaksen og sjøauren. Det viktige er kva slags effekt lusa har på villfisken. Nilsen seier han saknar slike vurderingar ut frå eit forvaltningsmål, medan alt no handlar om eit gjennomsnittstal.
- Problemet er ikkje likt overalt. Villfiskstammane er ikkje like svekte overalt. Men når ein har få tiltak som verkar mot lusa, bør ein ha mindre laks i området. Og eg trur grensene er overskridne fleire stader i Noreg, seier Nilsen til Dag og Tid.
Han trur at rådgjevande organ som Mattilsynet og Havforskingsinstituttet burde seie noko om kor store bestandar av oppdrettslaks som er tilrådelege. I alle fall burde dei kunne seie i frå når mengda av oppdrettslaks overskrir tolegrensene i visse område.
- I dag er oppdrettsnæringa som ein snøball som berre rullar. Dette er ei stor og viktig næring i Noreg, men ho vil stå sterkare ved å ta fornuftige miljøomsyn, seier Frank Nilsen til Dag og Tid.