
Vi må velje mellom avl eller ikkje avl
Eit avlsprogram inneber endring av genmateriale. -Dette gjeld uavhengig av kva stamme ein avlar på, seier Atle Mortensen i Nofima til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I Juli fekk forskingsinstitusjonar og fleire selskap i torskenæringa brev frå Fiskeridirektoratet vedrørande Havforskingsinstituttet sine forvaltningsråd om utvikling av torskenæringa. Her blir aktørane mellom anna bedd om å sei om det er mogeleg å drive oppdrett basert på avl under dei rammevilkåra som Havforskingsinstituttet har skissert. Fiskeridirektoratet har sett frist til første september og no jobbar aktørane med sine svar. Men Atle Mortensen i Nofima har ikkje så veldig mykje nytt å formidle. -Brevet inneheld spørsmål om dei same momenta som kom fram på eit møte i Bergen tidlegare i sommar. Her var avl på lokale stammar eit sentralt tema og både Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet var representert på det møtet, seier Mortensen og legg til at Nofima sitt svar no er at ein må komme vidare i arbeidet. Det handlar om å velje mellom avl eller ikkje avl, påpeikar han. Mortensen viser til at målet med avl er å endre den genetiske samansetninga. -Ein driv seleksjon i retning av dei eigenskapane ein ønskjer å avle fram. Dersom vi avlar på to stammar frå ulike fjordar vil ein ende opp med at den fisken som er avla på blir mest lik, seier Mortensen. Les også