
Vi må tenke fersk
Tenk fersk, fersk, fersk. Det var bodskapen frå Jan Trollvik i Eksportutvalget for fisk i si innleiing på Nord Norsk havbrukslag sitt årsmøte i Tromsø fredag. Han påpeika at Noreg står mykje sterkare i konkurransen på ferskvaremarknaden enn når det gjeld marknaden for fryst laks.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Trollvik underbyggjer påstanden om at vi må satse på eksport av fersk fisk med å vise til utviklinga av eksporten til Israel. Her har Noreg hatt ein sterk nedgang i eksporten, medan Chile har auka sine eksport mykje. Årsaka er at Israel berre kjøper fryst laks og at Noreg ikkje kan konkurrere like godt på pris i denne marknaden som i ferskvaremarknaden. Sterk utvikling av eksporten til Russland Den norske eksporten av fersk laks til Russland vart dobla i 2004 samanlikna med 2003 og utviklinga dei første månadane i 2005 forsterkar dette bilete. Konkurransen frå andre produsentar er relativt liten på ferskvaremarknaden i Russland og lakseproduksjonen i EU og på Færøyane vil gå ned i 2005 samanlikna med 2004. Sjølv om Chile også vil satse på Russland i arbeidet med å komme inn på nye marknadar, vil dei ikkje konkurrere med Noreg på denne ferskvaremarknaden. Bør satse meir på Russland Trollvik meinar vi bør satse meir på Russland og viser til at den økonomiske utviklinga i landet medfører at fleire har råd til å kjøpe fersk laks og at utbygging av kjølevarekjedar i fleire byar enn Santpetersburg og Moskva vil auke etterspurnaden etter fersk laks. Fersk laks til Tyrkia Ein annan marknad som kan bli viktig i framtida er Tyrkia. Vi eksporterar svært lite dit i dag, men Tyrkia har supermarknadar, og her har vi eit potensiale meinar Trollvik. Kina har potensiale I dag er norsk laks i Kina i hovudsak eit dyrt produkt som går til hotell, ambassadar og liknande. Men ein stadig aukande mellomklasse gjer at vi også her har eit potensiale for vekst. Trollvik viser spesielt til at laks er eit sunt produkt og at eit aukande fedmeproblem blant barn og unge i Kina aukar behovet for denne typen mat.
India tar lang tid Høg toll gjer at det skjer lite på denne marknaden i dag. Men sjølv om vi får redusert tollsatsane på laks til India, gjer mangelen på supermarknadar med kjølekjedar at det vil ta lang tid før det vil skje noko i denne marknaden.