Arkivfoto laksemerder.

Vi skal følgje forskrifta

Fiskeridirektoratet i Nordland har fått mange innspel frå aktørar som har meiningar om tildelinga av nye laksekonsesjonar. Men Regionsjef Janne Andersen framhevar at dei vil halde seg til føreskrifta.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Alle regionkontora utanom Trøndelag og Nordland er no ferdig med innstillinga over kva selskap som vert tildelt nye konsesjonar for laks og aure i 2009. I Nordland fekk Fiskeridirektoratet inn 83 søknadar på 15 konsesjonar, noko Andersen framhevar at det tek tid å vurdere. -Vi skal gjere den jobben vi er sett til, og ta oss den tida vi treng for å vere sikker på at det er dei som fylle forskrifta best, som får tildelt konsesjonane, seier Andersen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.

Andersen håpar at tildelinga skal vere ferdig innan utgangen av andre veka i juli.