Vi skal liksom vere ein fiskerinasjon

Tromsø: Det er tverrpolitisk eingiheit om at vi må gjere noko med marknadsføringa av sjømat i Norge, men ingen ting skjer. Dette var eit av bodskapa til Asbjørn Misund frå Fjord Norsk sjømat AS under Fisk2003

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

For 50 år sidane var kjøt og fisk likestilt i den norske marknaden. I dag er konsumet av svinekjøt større enn det samla konsumet av sjømat i Norge. Sjømat utgjer tre til fire milliardar av den totale omsetninga på 100 milliardar i den norske dagelgvaremaknaden. Landbruket har jobba systematisk med marknadsføring og har eit eige matvareprogram i SND. Omlag 200 millionar kroner går til marknadsføring og opplysningsarbeid for kjøt og fjærkre, 20 millionar til frukt og grønnsaker og 20 millionar til sjømat. -Det er patetisk at bilete ser slik ut når vi liksom skal vere ein fiskerinasjon seier Misund.