Cato Lyngøy

- Vi trekkjer oss ikkje frå samarbeidet

Hardangerfjord Villfisklag skuldar oppdrettsselskapa som held til i Hardanger og Sunnhordland for å trekkje seg frå samarbeidet om strakstiltak for villkaksen. Men Cato Lyngøy som representerar næringa i styringsgruppa seier det handlar om å ta ein pause.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Denne veka sende Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag ut t eit ope brev til media der han hevdar at oppdrettarane i Hardangerfjorden har trekt seg frå samarbeidet om strakstiltaka for vill laksefisk i fjordsystemet.

Men Cato Lyngøy som er næringa sin tillitsvalde i styringsgruppa for strakstiltaka, er ikkje einig i dette. Han meinar det handlar om ein pause for å få på plass meir treffsikre reguleringsmekanismar. - Vi har ikkje trekt oss frå samarbeidet, men bedt om ein pause til vi ser næringa sine framtidige rammevilkår i dette området. Dersom framlegget til Hardangerfjordforskrift som no har lagt på høyring vert gjennomført, vil det gi ei dramatisk nedbygging av næringa i Hardanger-Sunnhordland. Det rår stor uvisse om framtida, og i den situasjonen er det ikkje mogeleg å binde aktørane til mange millionar i utlegg til strakstiltak, det ville vore heilt uforsvarleg. Vi måtte difor be om ein pause til forskrifta er vedtatt. Fiskeri- og Kystdepartementet har uttrykt at målet med denne ikkje er nedbygging, men å fryse produksjonen på dagens nivå. Så no handlar det om å få til ei reguleringsmekanisme som er meir treffsikker i høve til det politiske målet, seier Lyngøy til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Han framhevar at næringa vil gjere sitt for å få ei rask avklaring slik at ein kan ta oppatt tråden saman med villfiskfolket,

Vil tape 600 arbeidsplassar Forslaget om ny forskrift vil i fylgje Lyngøy innebere ein reduksjon i produksjonskapasiteten på 30 000 tonn i året, noko som vil medføre bortfall av 600 arbeidsplassar i havbruksnæringa og i tilstøytande næringar. Med dagens prisar vil denne reduksjonen også medføre eit tap på ein milliard kroner for næringsaktørane i regionen.

Sunnhordlandsbassenget er brakklagt no Lyngøy framhevar vidare at produksjonen i området er redusert år for år i takt med stadig nye forskrifter, og særleg innverknad har den såkalla soneforskrifta som medfører ei restrukturering med synkronisert utsett og brakklegging av store områder. - Sonebrakklegginga får vi første effekten av no når heile Sunnhordlandsbassenget er brakklagt. Det har medført ein reduksjon av talet på fisk i regionen på 35-40 prosent i mars månad, noko som vil skje kvar vår framover som fylgje av soneindelinga. Saman med mange andre tiltak gjer ein dette for å sikre at villfisken vert utsett for lågast mogeleg lusepress når den vandrar ut om våren. Det er difor heilt feil å seia at vi trekkjer oss frå samarbeidet om strakstiltak for villaksen, seier Lyngøy til slutt.

Her finn du lesarbrevet frå Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag