Vi vil kjempe for arbeidsplassen vår.

På eit møte tirsdag 1. okt. blei dei tilsette ved Domstein Raudeberg orientert av konsernleiinga at konsernet, som ein del av ein stragegiplan, vurderer å legge ned all produksjon ved anlegget på Raudeberg. Dette kom som eit sjokk på oss.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det har svirra mange rykter den siste tida, men vi har heile tida oppfatta dette som grunnlause rykter og fått forsikringar frå vår arbeidsgjevar at det ikkje forelåg planer om nedlegging. Ein av grunnane til at vi har stolt på dette er at det berre er to år sida det vart ivestert i ny og topp moderne fabrikk for mottak av makrell, sild, lodde og hestemakrell. Denne fabrikken har på alle måtar svart til forventningane og Raudeberg framstår no som eit svært effektivt og konkurransedyktig mottaksanlegg. Makrell og sild har sågodt som alltid vore kjernevirksomheten til Domstein-konsernet. Og sjøl om Domstein har hatt mange bein å stå på så har denne delen alltid vore den som har vore ryggrada og fundamentet for å kunne prøve ut nye produkt og produksjonar. Det gjer oss svært betenkt at det er nettopp i denne, den såkalla pelagiske, sektoren Domstein no vil kutte. Endeleg vedtak om eventuell nedlegging er ikkje fatta. Den bestemmelsen vert først teke ein gong i løpet av hausten av konsernstyret. Vi, dei tilsette på Raudeberg, har stor tru på arbeidsplassen vår og vil gjere det vi kan for at vi fortsatt skal ha eit mottaksanlegg for pelagisk fisk i desse lokala på Raudeberg. Vi håpar og trur at vi skal kunne overbevise styret i i Domstein-konsernet om at Domstein treng alle anlegga dei har i dag og heller sjå på mulighetane enn å fokusere på problema som finst i norsk fiskerinæring i dag. Men i dette arbeidet treng vi støtte. Vi ber om at alle gode krefter gjer det dei kan for å påvirke slik at Domstein-konsernet snur i denne saka og ikkje fattar noko negativt vedtak om nedlegging på Raudeberg. Raudeberg 2.10.2002 Dei tilsette på Domstein Raudeberg v/ Bedriftsklubben