Viktig arbeid mot lakselus i Hardanger
Fylkesmannen foreslår at Hardanger fiskehelsenettverk (HFN) får Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for arbeidet mot lakselus.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
HFN har lagt ned eit omfattande og mønsterverdig arbeid for å redusera omfanget av lakselus på villaks og sjøaure i Hardanger. HFN er ein samanslutning av dei fleste fiskeoppdrettarane i Hardangerfjorden. Dei har frivillig gjort ein betydeleg innsats for å betre overvåkinga av lakselus på oppdrettsfisken, og sett inn tiltak som har redusert mengda av lakselus til eit lågt nivå. Med ein slik innsats er det håp for at villfiskbestandane i Hardanger vil bli redda, og igjen kan danne grunnlag for rekreasjon og turisme, melder Fylkesmannen i Hordaland.