
Viktig å finne årsakene til rømming
Oppdrettsnæringa har opplevd fleire rømmingar dei siste vekene, noko Aina Valland i FHL beklagar sterkt. -Det er veldig synd at vi har fått fleire rømmingstilfelle denne hausten, og no er det svært viktig at vi klarer å identifisere årsakene, seier Valland.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Dei siste vekene har ein opplevd fleire hendingar der oppdrettslaks har rømt frå merdene og direktør for miljø i Fiskeri og havbruksnærings landsforeining Aina Valland, er svært opptatt av at ein skal finne årsakene. -Det som er viktig no er å finne årsakene bak hendingane slik at ein ikkje får tilsvarande hendingar i framtida, framhevar Valland ovanfor Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. I går var ho på møte i Rømmingskommisjonen, og der vart sakene grundig diskutert. -Når vi har undersøkt hendingane nærmare vil det komme nokre råd frå kommisjonen, seier Valland.
Nullvisjon Valland viser vidare til at oppdrettsnæringa har ein visjon om at rømming av fisk ikkje skal skje, og det operative målet er at rømt fisk ikkje skal få negativ innverknad på den ville fisken. I desse dagar er FHL mellom anna med å planlegge rømmingssikringskurs for fleire bedrifter. Ho framhevar at oppdrettarane er veldig opptatt av korleis dei skal opptre for å hindre at fisken rømmer frå merdane.
Talet går nedover Valland viser også til ein rapport frå Viteskapleg råd for lakseforvaltning der det kjem fram at samla tal på oppdrettslaks som vert fanga i sjø og elv, går ned. -Dette er veldig positivt, men vi er absolutt ikkje i mål enno, avsluttar ho.