
Viktig for Nord Noreg
Den russiske marknaden betyr mykje for lakseprodusentane i Nord Noreg. -Opninga i den russiske marknaden har vore med å styrke distrikta her nord, seier Håkon Volden i Volden Group AS til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit
Importstansen av norsk laks i Russland er svært beklageleg for oppdrettsnæringa i nord som tidlegare hadde svært lang avstand ut i marknaden. Volden Group eksporterar omlag 40 prosent av produksjonen til Russland, så dersom situasjonen ikkje endrar seg blir den russiske importstansen dramatisk for selskapet i Alta, og Håkon Volden etterlyser ein betre berdsakap.
- Denne saka viser kor vanskeleg marknaden kan vere og politiske myndigheiter må ha ein betre beredskap for slike ting. Det er ikkje siste gangen vi vil oppleve saker som dette, seier Håkon Volden.
Viktig med politisk engasjement
Det tok 28 dagar frå russiske veterinærmyndigheiter melde frå om at dei ville stoppe importen av laks frå fire norske laksepakkeri, til Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen tok kontakt med russiske myndigheiter. Til tross for at Mattilsynet og norske forskarar var tidleg på bana med informasjon om at det ville vere heilt umogeleg at laksen kunne ha så høgt innhald av bly som russiske veterinærmyndigheiter hevda dei hadde funne i prøvane av den norske laksen, vurderte Fiskeri- og kystdepartementet den russiske importstansen som ei sak som skulle handterast på eit fagleg nivå.
Håkon Volden meinar slike saker må handterast på eit høgt politisk nivå.
-Dette handlar om politikk og det er den viktigaste jobben ein minister har, det er det dei kan, seier Volden og framhevar kor lang tid det tek for næringa å bygge opp ein marknad, og kor viktig det er å vere til stades i marknaden til ei kvar tid.