
Viktig gjennombrot
Havbruk 2010: Funn av eit virus som kan vere årsak til hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB) hjå laks vil bety mykje for norsk oppdrettsnæring. -Det inneber at vi kan kome i gang med konkrete tiltak mot sjukdomen, seier Vidar Aspehaug i Patogen Analyse AS.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Under forskarkonferansen Havbruk 2010 som vart avslutta i Trondheim i går presenterte Marie Løvoll og Torstein Tengs ved Veterinærinstituttet det som blir vurdert som eit avgjerande gjennombrot for å kome vidare i arbeidet med å redusere omfanget av denne sjukdomen. I samarbeid med andre aktørar har dei identifisert eit virus som kan vere årsak til hjarte- og skjelettmuskelbetennelse hjå slaks.
HSMB har gjeve mange oppdrettsselskap store tap som selskapa kan unngå i framtida. -Det er eit imponerande arbeid som er gjort av Veterinærinstituttet her, og sjølv om det framleis må gjerast eit arbeid med å bekrefte samanhengen mellom dette viruset og sjukdommen, så ser dette svært lovandes ut. No har vi truleg eit konkret virus å jobbe med, og det betyr at vi får verkty som kan gi mykje ny informasjon om sjukdomen og korleis den kan førebyggjast, seier Aspehaug til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Friskare fisk og betre økonomi I første rekke må gen-sekvensane bli publisert, men dette skal vere nært føreståande. -Denne informasjonen vil så legge eit viktig grunnlag for at ein skal få meir konkret informasjon om den geografiske utbreiinga av viruset, korleis viruset vert spreidd og korleis sjukdomen kan førebyggjast. Dei nye opplysningane vil kunne vere viktig i produksjonsoptimalisering og førebyggande helsearbeid, noko som inneber friskare fisk og betre økonomi, seier Aspehaug.
Gir grunnlag for å utvikle vaksine I fylgje Aspehaug vil identifiseringa av viruset som medfører hjarte- og skjelettmuskelbetennelse hjå laks vere svært viktig både for å forbetre diagnostikken og for å kunne utvikle gode smittemodellar. Det vil igjen vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet med å utvikle vaksiner og optimalisere fôr, i tillegg til å foreta vurderingar omkring avl som ein del av det førebyggande arbeidet.