
Vil både ha nisjeprodukt og pengemaskin
Tromsø: Ja takk begge deler, var Øystein Steiro i Codfarmers sin kommentar til temaet: Oppdrettstorsk som nisjeprodukt eller pengemaskin, som han heldt innleiing om på Torskefiskkonferansen i Tromsø onsdag. Men han likte ikkje heilt omgrepet pengemaskin.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Steiro var opptatt av at oppdrettstorsken må vere eit nisjeprodukt i form av at ein produserar eit kvalitetsprodukt for ein marknad som er villig til å betale for det. Men han var også opptatt av å få fram at dette er eit produkt som skal bli stort sjølv om det ligg noko automatisk i omgrepet pengemaskin som ikkje heilt stemmer. - Dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Vi har i hovudsak løyst dei viktigaste teknologiske utfordringane i høve til settefisk, men det er ikkje spiker vi produserar, så det er vanskeleg å vite kva som kjem ut i andre enden. Det er viktig å redusere produksjonskostnadane, men vi må også ha kontroll med biologien, sa Steiro. Idealtemperatur i Nordland Codfarmers sine lokalitetar ligg i Nordland, og Steiro meinar den optimale regionen for effektiv produksjon av torsk er i området mellom Stadt og eit stykke nord for Lofoten. Han trur den ideelle temperaturen for oppdrettstorsken er mellom åtte og ti grader. -Kjem vi for langt nord vert det for kaldt, sa Steiro. Stort potensial men også utfordringar Steiro trur torskenæringa kan skape store verdiar som vil gi mange arbeidsplassar i framtida. I dag er det til saman tilsett 67 personar i Codfarmers, men dette talet vil auke fort. -Vi er ei næring og eit selskap som skaper verdiar og arbeidsplassar, og vi har eit stort potensial for enno større verdiskaping. Utfordringa i å forsvare gode prisar er mellom anna vidareforedling, og vi må få produksjonskostnadane ned på 15 kroner kiloet. I tillegg må vi jobbe både med utvikling av fôret og med marknaden, sa Steiro.