Eva Karin Hansen

Vil ha Fiskeridirektoratet som medforvaltar for villaksen

Årsmøtet i Sør-Trøndelag Arbeidarparti fatta i helga eit vedtak der det mellom anna vert lagt fram forslag om at Fiskeridirektoratet får medansvar når det gjeld forvaltning av villaksen. –Dette er eit godt vedtak som har vore jobba fram på ein god og konstruktiv måte, seier fylkesleiar Eva Karin Hansen.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit På årsmøtet i Sør-Trøndelag Arbeidarparti sist helg vart det fatta vedtak om at Fiskeridirektoratet i tillegg til Direktoratet for naturforvaltning bør har forvaltningsansvar for villaksen. Årsaka er at ein trur dette vil vere med å skape ei betre kunnskapsplattform, mellom anna når det gjeld bestandsvurderingar.

Forslaget om å gi Fiskeridirektoratet forvaltningsansvar vart gjort som ei tilføying til eit vedtak om at villaksen og oppdrettsnæringa må leve side om side, som første gang vart fatta på årsmøte til Sør-Trøndelag Arbeidarparti i 2011.

I tillegg er det i 2012 lagt til eit punkt i vedtaket med forslag om at den samla forvaltninga av villaksen bør evaluerast.

Må jobbe for begge deler Fylkesleiaren framheva ovanfor Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at Sør Trøndelag Arbeidarparti vurdera havbruksnæringa som ei svært viktig næring både regionalt og nasjonalt, og at det er viktig å få til eit samarbeid som sikrar ei utvikling av næringa på same tid som ein også jobbar for ta vare på villaksen. - For meg har det vore spesielt viktig å ha ein god prosess rundt dette og eg vil rose aktørane frå ulike kommunar i fylket som har vore utruleg konstruktive i arbeidet med denne saka, seier Hansen til Norsk Fiskeoppdrett.

Det som skjer i havet er viktig Bakgrunnen for at Sør-Trøndelag Arbeidarparti ønskjer ei endring når det gjeld forvaltningsansvaret for villaksen er mellom anna ei uttaling frå Vitskapeleg råd for lakseforvaltning om at som skjer med villalaksen ute i havet har stor innverknad på bestandsutviklinga. Difor ønskjer fylkespartiet at ein også får på plass nødvendig kompetansen om villaksen.