
Vil ha slutt på at oppdrettsnæringa tek bit for bit
Fiskarlaget Vest ber om at styresmaktene no må vurdera søknader om oppdrettsverksemd i ein samanheng, slik at det ikkje berre vert ført ein bit for bit-politikk. Fiskarlaget er uroa over at den nye Hardanger-forskrifta fører til press på anna sjøareal.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fylkesfiskarlaget for Hordaland og Rogaland meiner det er på tide å få gjennomført kvalifiserte vurderingar av kva eit større område kan tola av oppdrett, i tillegg til anna utslepp til sjø.
Mange søkjarar Fiskarlaget Vest har registrert at det no kjem mange søknader om auka biomasse (MTB) på eksisterande lokalitetar, mellom anna på grunn av at Hardanger og Sunnhordland har fått innført ei ny soneforskrift, og av di det er gjort soneinndelingar på kysten for å hindra PD (pa sonkreas-sjukdom) i å spreia seg.
Fiskarlaget har fått til uttale fleire søknader frå selskap med oppdrettsanlegg i Hardangerfjord-området som vil ha nye lokalitetar utanfor sjøareala som er omfatta av den nye forskrifta. Det vert konstatert at desse søknadene mest sannsynleg kjem av di oppdrettarane ønskjer å vera i posisjon til å vera med på eventuelle tillatte biomasseauker i framtida.
Skjærgårdsfisk Fiskarlaget Vest kjem med sine merknader i ein høyringsuttale til ein søknad frå selskapet Skjærgårdsfisk om auka tillatt biomasse og endra arealbruk ved Jibberholmane i Radøy i Nordhordland. Skjærgårdsfisk vil utvida MTB-en på ein lokalitet frå 780 tonn til 1.560 tonn. Årsaka er pågåande arbeid med soneinndeling og felles brakklegging i samband med PD-føreskrifta. Kommunen har stilt seg positiv.
Fiskarlaget meiner at styresmaktene må definera kva som er ein akseptabel negativ påverknad frå oppdrettsnæringa på anna næring, som villfisknæringa, og då tenkjer laget ikke berre på laksefiskarar. Dei minner i denne samanhengen om problemet med sei som eter seg feit på oppdrettsfôr som flyt ut av merdene. Ein god del sei endar opp med ein forringa kvalitet som gjev dårleg pris.
Fortøyningar Fiskarlaget Vest meiner at det også må koma fram på kommuneplankarta kva område som verkeleg vert teke i bruk av eit oppdrettsanlegg, for det gjeld ikkje berre arealet der sjølve anlegget ligg. Fiskarane har røynsle for at store oppdrettsanlegg i dag har ankersystem som bandlegg mykje større areal, og dermed legg hindringar i vegen for utøvande fiske. Dei ser også at fortøyningar, boltar og andre anleggsdelar i mange høve ikkje vert rydda skikkeleg vekk på lokalitetar som er ute av bruk.