Vil slakte på merdkanten
Lofoten: Pan Fish planlegg å starte med slakting på merdkanten dersom Mattilsynet godkjenner det. No vert systemet testa ut i Canada. Det sa Hogne Bleie i Pan Fish på Europharma sitt seminar i Lofoten sist veke.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Slaktinga på merdkanten føregår på ein slaktebåt som vil erstatte brønnbåtane og som har opp mot fem gongar så høg kapasitet.
Automatisk bløgging Laksen vert pumpa inn i slaktebåten der ei slagmaskin tek livet av den. Etter det vert den automatisk bløgga for så å bli frakta med slaktebåten til mottak på land. Blodvatnet frå slaktinga ved merdkanten vert samla opp i båten og frakta til land for å bli ivaretatt på ein føreskriftsmessig måte. Bra for kvaliteten I følgje Hogne Bleie vi kvaliteten på fisken bli betre ved at fisken vert slakta på merdkanten. -Det vil ta så kort tid frå fisken vert pumpa opp frå merden til den vert bløgga, at ein vil unngå at den vert stressa, seier Bleie. Pan Fish starta prosjektet med slakting på merdkanten i 2004 og prøver det no ut i British Columbia i Canada. Selskapet har enno ikkje bestemt om dei skal satse på å slakte på denne måten i Noreg, men dersom det vert aktuelt, er det snakka om å starte utprøving i 2007.