Marit Bærøe

Vil vite meir om kva som skjer i elvane

Svolvær: Satsing i regi av havbruksnæringa sitt miljøfond er eit av fleire tema som skal diskuterast på medlemsmøte i Nordnorsk havbrukslag som startar i dag. - Eit viktig mål er å skaffe meir kunnskap om det som skjer i elvane, seier regionsjef Marit Bærøe.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit På Nord Norsk havbrukslag sitt medlemsmøte som startar i Svolvær i dag er satsinga i havbruksnæringa sitt miljøfond eit av fleire tema som skal diskuterast.

I tillegg til ein gjennomgang av engasjementet rundt miljøfondet, og kva tiltak som har mottatt støtte, vil deltakarane på møtet også få direkte informasjon frå nokre av leiarane for dei konkrete prosjekta det er sett av midlar til.

- I arbeidet med utveljing av prosjekta som vi ønskjer å støtte har vi vore opptatt av at det skal vere med å gi oss meir kunnskapar om kor mykje oppdrettslaks som går opp i elvane. I tillegg er det også veldig viktig å bidra til uttak av rømd laks, seier Bærøe til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Erfaringar frå "Trygg Trailer"

I tillegg til at deltakarane på medlemsmøte får informasjon om Miljøfondet, vil dei også få ei oppsummering av kva som har skjedd med prosjektet "Trygg trailer" det første året, og korleis den vidare satsinga blir.

Fleire aktuelle saker

Elles står både arealtilgang, fangst ved oppdrettsanlegg og informasjon om rekrutteringsprosjektet Newton kyst og havbruk på dagsorden for melemmar og andre som deltek på møtet til Nord Norsk havbrukslag i dag.