Håvard Jørgensen

Villaksforvaltinga må vere meir heilskapleg

Dersom forvaltninga av villaksen skal ha effekt må den vere meir heilskapleg enn den er i dag, seier Håvard Jørgensen i NSL. Han viser spesielt til at tida for jaktstart på lakseand og siland må flyttast fram.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I årets laksefiske er det mange elvar som er stengt for fritidsfiskiske på grunn av låge bestandar. Men i fylgje administrerande direktør Håvard Jørgensen i Norsk Sjømatbedrifters Landsforeining (NSL) har ikkje dette noko føre seg dersom ein ikkje også tek omsyn at det er andre predatorar som påverkar den ville laksebestanden.

Jørgensen viser til ein rapport frå Norsk institutt for Naturforsking (Nina) der det kjem fram at 200 fiskeender kan ete mellom 78 000 og 136 000 presmolt på 30 dagar. I mageinnhaldet til 60 ender vart det funne 606 laks, tre aure, og 13 røye. Difor meinar han det vil vere eit effektivt tiltak å flytte tida for jaktstart på lakseand og siland frå 10. september til 21. august. -Slik det er i dag konkurrerar jakta på lakseand og siland med jakta etter rype og skogsfugl, som også startar den 10. september. Det får jo sterk innverknad på uttaket av predatorar, som igjen har stor innverknad på laksebestanden, seier Jørgensen.

I tillegg til lakseand og siland, meinar Jørgensen at Direktoratet for Naturforvaltning og Vitskapleg råd for lakseforvaltning bør ha fokus på at også oter, mink, hegre og skarv påverkar laksebestanden, og at det trengs ei heilskapleg forvaltning der ein gjennomfører ei samla vurdering av alle faktorane som påverkar villaksbestanden. -Det er jo nettoproduksjonen av smolt i eit vassdrag som betyr noko for korleis bestanden utviklar seg, og då hjelpe det lite å berre gjere noko med ein av påverknadsfaktorane, seier Jørgensen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.