Even Søfteland

-Villaksforvaltninga bør evaluerast

Even Søfteland i Capmare AS meina det er på tide å få ein grundig gjennomgang av korleis forvaltninga av villaksen og sjøauren føregår i Noreg. Han trur det er mangel på kunnskapar som gjere at ein ikkje har vore på høgde med situasjonen dei siste åra.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I første rekke reagera Søfteland sterkt på Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag sitt utspel om situasjonen til sjøauren, og krav om reduksjon i havbruksproduksjonen i Hardangerområdet.

- Aurefangstane i nokre elvar i Hardangerfjorden gjekk opp med over 30 prosent i fjor sjølv om dei fleste elvane i området var stengt for fiske etter aure, seier Søfteland. (Sjå tabell på slutten av artikkelen)

Han trur ikkje det er ein reduksjon i produksjonen av oppdrettsfisk som er løysinga, slik Pedersen føresler. Søfteland vil i første rekkje ha ein gjennomgang av forvaltninga for å finne ut om den har fungert etter intensjonane.

Informasjonen kjem betre fram

Even Søfteland er glad for at det har skjedd noko konkret med tanke på kva som kjem fram i media når det gjeld villaksen og sjøauren sin situasjon.

- Det som skjer no er at dei praktisk forskarane, og dei praktiske grunneigarane kjem meir til orde i det offentlege rom. Mykje av det dei viser til er informasjon framkomen i rapportar frå det siste ti-året. Diverre har debatten dei siste 20 åra, berre handla om rømd oppdrettslaks og lakselus. Bredda, og ofte dei enkle faktorane har vore neglisjert, seier Søfteland.

Even Søfteland i Capmare AS trur det er på tid med ein grundig gjennomgang av villaksforvaltninga.

Meir fisk gir rom for klarare tanka

Ei fin utvikling for både sjøauren og laksen dei to siste åra har ifylgje Søfteland skapt meir rom for at ein kan tenke breitt når ein skal vurdere årsakssamanhenga.

- Og når ei «personlegheit» som Harald Sægrov i Rådgjevande Biologar seier at brislingbestanden, og mattilgangen etter at sjøauren og laksen kjem ut i fjorden kan ha mykje å sei for overlevinga, ja så er dette både interessant og viktig, seier Søfteland.

Men sjølv om statistikken for brislingfangstane og sjøaurefangstane dei siste 30 åra nesten har vore synkron, så er det ifylgje Søfteland ingen fasit for utviklinga.

- Dette er berre ein del av den bredda som må leggast til grunn for at vi skal forstå utviklingstrekka for dei to laksefiskane, seier han.

Samanliknar Pedersen med Komiske Ali

Søfteland samanlikna Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag sitt utspel om situasjonen for sjøauren i Hardangerfjorden med handlemåten til Mohammed Saeed al-Sahhaf, eller såkalla -Komiske Ali, som var Saddam Hussein sin informasjonsminister under Irak-krigen.

- Det handlar om at ein står knallhardt på eit standpunkt som er gått ut på dato for lenge sida. Og når ein gjere det, så synleggjer ein at fokuset har vore mest retta mot å bli kvitt oppdrettsnæringa, og ikkje mot sjøauren sin situasjon, noko som er både trist og skammeleg, meina Søfteland.

Han viser til at sjøauren i nokre elvar i Hardangerfjorden har hatt ein oppgang på meir enn 30 prosent i 2011, medan laksefisket i ei av elvane i området har gått opp med meir enn 400 prosent.

- For Guddalselva var 2011 eit historisk godt år, kanskje det beste i manns minne, seier Søfteland.

Ei bjørneteneste for sjøauren og laksen

Søfteland meina mange har gjort sjøauren og laksen ei bjørneteneste dei siste 20 åra med å berre fokusere på lakselsus og rømming som forklaring til nedgang i bestanden.

- Den fisken som vende attende til elvane i 2011 og 2012 hadde i utgangspunktet fått dødsdomen av Norsk institutt for natur forsking (Nina), og Havforskingsinstituttet, så det er ein spøkelsesfisk som no kjem attende til elvane, seier Søfteland til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Han meina dette kan bety at meir fisk har vandra ut og overlevd enn det forskarane tidlegare har trudd, og at mange ikkje har hatt nok kunnskap om dei påstandane dei har gått til media med.

Treng ein gjennomgang av forvaltninga

Manglande kunnskapar om situasjonen til vilaksen og sjøauren kan ifylgje Søfteland tyde på at forskinga i Noreg er avgrensa til altfor få personar og institusjonar.

- Noko som må vere ei heilt sentral politisk oppgåve å ta tak i. På bakgrunn av dei dommedagsprofetiane som har vore framsett dei siste 10 – 20 åra, og den usedvanleg gode tilbakevandringa vi har sett dei siste to til tre åra, meina eg at Regjeringa må gripe inn og sette ned eit heilt uavhengig utval som går igjennom heile villaksforvaltninga dei siste 20 til 30 åra, seier Søfteland.

- Det skuldar vi alle både villaksen og sjøauren, fortsette Søfteland og legg til at dagens kunnskap, og ikkje minst bilete av heilskapen, sett opp mot den usedvanleg gode tilbakevandringa, syner at ein ikkje har vore på høgd med situasjonen.

- Mykje kan tyde på at villaksforvaltninga ikkje har hatt den nødvendige kunnskapen som kravst for det arbeid den har utført dei siste åra. Det burde bekymre mange langt inn i Statsforvaltninga, avsluttar Søfteland.

Tabellen under viser utviklinga for laks og aure i elver langs Hardangerfjorden.

-Som vi ser her har det vore ein sterk fremgang i fangstane og på et nivå ein må kunne diskutere om er berekraftig i høve til tidlegare års erfaringar, seier Even Søfteland i Capmare AS.

 

2008

 

2009

 

2010

 

2011

 

 

 

Laks

Ørret

Laks

Ørret

Laks

Ørret

Laks

Ørret

 

Bondhuselva

7

11

14

22

23

0

39

0

Fangststopp ørret fra 2010 / opprinnelig ørretelv

Fjonelva

2

4

0

0

-

0

4

3

 

Granvinsalva

5

61

-

65

15

73

11

161

Historisk ørretelv,  med utfordringer røye

Guddalselva

2

1

10

4

35

0

86

0

Fiskestopp ørret fra 2010

Eio

5

150

10

227

45

102

17

183

Kraftutbygget

Uskedalselva

53

112

63

276

109

96

354

121

Kalket

Ænes

36

12

60

31

50

0

68

0

En ørretelv historisk, fredet for ørretfiske fra 2010

Sum

110

351

350

625

254

271

579

468