
Øyvind Lie fortsetter som direktør for NIFES
Direktør Øyvind Lie er i statsråd i dag, fredag 7. august 2009, tilsett på åremål som direktør for Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) for ein ny periode på seks år frå november 2009.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Øyvind Lie er utdanna cand. real og dr. philos. Han har blant anna bakgrunn som forskar i tillegg til administrativ erfaring. Han er i dag direktør for instituttet, skriver Fiskeri- og kystdepartemenet i en pressemelding. Han er også professor II ved Universitetet i Bergen.
Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i Bergen er rådgivar for fiskeristyresmaktene, Mattilsynet og fiskeri- og havbruksnæringa i spørsmål som gjeld ernæring og mattryggleik, fôr til fisk og fisk som mat. Instituttet driv forsking knytt til desse områda for å sikre trygg og sunn sjømat frå fiskeri og havbruk. Instituttet er i rask vekst med brei fagleg kontaktflate nasjonalt og internasjonalt og med mange utfordrande oppgåver som gjeld sjømat som ernæring og trygg mat-problematikken.