Gå til innhold
Annonse
Fisken som rømte har ei snittvekt på i underkant av 4 kg. Illustrasjonsfoto.
Fisken som rømte har ei snittvekt på i underkant av 4 kg. Illustrasjonsfoto.

Fiskeridirektoratet har pålagt Slakteriet Brekke AS miljøovervaking av 15 laksevassdrag i Sognefjorden etter rømmingshendinga ved anlegget i september.

Annonse

Fiskeridirektoratet fekk måndag 16. september melding om rømming frå slaktelokaliteten Instefjord i Risnefjorden i Gulen kommune. Oppteljinga etter rømminga viser at det dreier seg om 17 200 rømte oppdrettslaks. Fisken som rømte har ei snittvekt på i underkant av 4 kg, skriv direktoratet.

Miljøovervaking og utvida gjenfangst

Selskapet har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide gjenfangstaktiviteten ut til området Ortneset - Apestoda. Pålegget er forlenga fram til og med 7. oktober. Det er så langt registrert ei gjenfangst på cirka 3950 fisk.

Fiskeridirektoratet har også pålagt selskapet å gjennomføre miljøovervaking og uttak av rømt laks i 15 vassdrag i Sognefjorden for å hindre oppdrettslaks i å gyte i vassdraga. Slakteriet Brekke AS har denne veka levert ein plan for gjennomføring av dette pålegget og har engasjert LFI Norce til å utføre hovuddelen av arbeidet.

Opning for å avlive rømt oppdrettslaks teken på garn

Fylkesmannen i Vestland har opna for at bifangst av oppdrettslaks teken på garn i Sognefjorden Vildehammeren og Nesholmsundet fram til 13. oktober kan avlivast:

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse