Rømt regnbueørret. Foto: Fiskeridirektoratet.

600 fisk gjenfangsta etter rømming

- Det er tatt ut om lag 600 regnbogeaure i Bondhuselva i Kvinnherad etter ei rømming frå Sjøtroll Havbruk AS sitt settefiskanlegg ved vassdraget. Fisken er i storleiken 10-60 gram, skriv Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dei viser i ei pressemelding til at Sjøtroll Havbruk AS tidleg i oktober, meldte frå om rømming frå selskapet sitt settefiskanlegg Sundal ved Bondhuselva i Kvinnherad kommune. Det var gjort observasjonar av regnbogeaure i elven ved anlegget.

- Fiskeridirektoratet har gjennomført tilsyn hos selskapet etter hendinga.Rømminga har mest sannsynleg skjedd som følge av overflauming av kar etter at dødfisk tetta til siler. Fisk har havna på utsida av kara og vidare ned i elven på grunn av ein svakheit i områdesikringa.

Selskapet har denne veka fått pålegg om oppretting av manglar på primærsikring, samt utbetring av internkontrollsystemet. Det er levert inn dokumentasjon på utbetring av sekundærsikring.

Pålegg om gjenfangst

Fiskeridirektoratet har også gitt selskapet pålegg om overvaking og gjenfangst av rømt fisk i Bondhuselva.

- Pålegget vert fulgt opp av selskapet og det er så langt tatt ut om lag 600 regnbogeaure frå elva. Fisken er i storleiken 10-60 gram.Det står enno att ein del fisk og det vil bli utført ei ny runde med utfisking innan kort tid. Metodene som er brukt så langt er elektrofiske og stangfiske, skriv direktoratet.

Det er Rådgivende Biologer AS som utfører oppdraget for Sjøtroll Havbruk AS.