Gå til innhold
Annonse

- Alle kranførerane mine er sjuke, så da måtte sjefen sjølv trø til

På tross av utfordrande koronatider går drifta på Larsnes Mek. Verksted som normalt, og verftssjefen seier dei har 99 prosent normal drift. Pr dato er det ca 190 personer i arbeid.Bildet viser fartøyet Ro Venture med kai. Foto: Larsnes Mek. Verksted.
På tross av utfordrande koronatider går drifta på Larsnes Mek. Verksted som normalt, og verftssjefen seier dei har 99 prosent normal drift. Pr dato er det ca 190 personer i arbeid.Bildet viser fartøyet Ro Venture med kai. Foto: Larsnes Mek. Verksted.

Verftssjef ved Larsnes Mek. Verksted seier dei har 99 prosent drift om dagen, sjølv om koronakrisa skapar litt ekstra arbeid. Verftet har nyleg levert verdas fyrste hybride brønnbåt «Ro Vision», samtidig som det identiske søsterskipet «Ro Venture» er under utrusting. 

Annonse

Då Kyst.no ringer Jarle Gunnarstein, administrerande direktør i Larsnes Mek. Verkstad, fortel verftssjefen at han har vore veldig oppteken ettersom kranførarane hans er sjuke med influensa.

- Dei har berre vanleg influensa heldigvis, men sidan dei var sjuke måtte sjefen sjølv trø til å køyra krane, for eg var den einaste igjen som hadde sertifikat. Eg har køyrt krane i to dagar eg, fortel Gunnarstein. 

Sjå stort bildegalleri fra brønnbåten Ro Vision lengre ned i saka.

Jarle Gunnarstein fortel at dei tilsette og underleverandørene gjer ein god jobb for å halde full drift ved anlegget. Sjefen sjølv har også vore nøydd til å være kranfører dei siste dagane. Foto: LMV.
Jarle Gunnarstein fortel at dei tilsette og underleverandørene gjer ein god jobb for å halde full drift ved anlegget. Sjefen sjølv har også vore nøydd til å være kranfører dei siste dagane. Foto: LMV.

Full drift, tross vanskelege tider

- Det er ikkje berre berre å ha full drift i desse koronatidene. Men me klarer å ha full drift, nesten 99 prosent, så det er me stolte av.

Gunnarstein fortel at dei har mykje arbeid om dagen.

- Me har fleire båtar me arbeider på. Så lenge me får halde på, jobbar me for fullt. Dei tilsette gjer ein veldig god jobb, fortel verftssjefen, som påpeiker at det er heldigvis få som er koronasmitta i kommunen. 

Fleire restriksjonar 

Verftet leverte onsdag denne veka frå seg verdas fyrste hybride brønnbåt til Rostein, og fartøyet la til ved Salmars Innovamar-anlegg på Frøya torsdag formiddag.

- Me er sjølvsagt glad for at me fekk levert brønnbåten etter skjema, og det har vore nokre utfordringar med å få levert fartøyet, ettersom me har fått ein del restriksjonar. Spesielt når det gjeld hygiene, så må me vera ekstra påpasselege for å hindre smitte. I går hadde me blant anna eit selskap inne som desinfiserte heile anlegget, kai og alt. 

Gunnarstein fortel at det også har vært utfordringar knytta til ein del utstyr, der ulike firma skulle komme inn å teste det ut på hybridbåten.

Nybygget «Ro Venture» er no til utrusting hos verftet, og skal etter planen leverast til sommaren. Klikk for større bilete. Foto: Larsnes Mek. Verksted.
Nybygget «Ro Venture» er no til utrusting hos verftet, og skal etter planen leverast til sommaren. Klikk for større bilete. Foto: Larsnes Mek. Verksted.

- Men me fekk det til og båten forlot verftet på onsdag, og gjekk rett i drift hos SalMar, seier Gunnarstein fornøgd. 

Skal levere ny hybrid brønnbåt til sommaren

Han er sjølvsagt stolt over å kunne levere verdas fyrste hybride brønnbåt.

- Desse fartøya blir levert med ei batteripakke på 600 kW, men dei har også SCR-anlegg som vil sei at dei har eitt NOX-system som reinsar utsleppa frå båten. Det er jo også eit stort tema om dagen. Dei hybride fartøya har også utvida kapasitet når det gjelder landstrøm, som Rostein har investert ein god del millionar ekstra i, fortel han. 

«Ro Venture» er søsterskipet til «Ro Vision», og er og identisk lik. Klikk for større bilete. Foto: Larsnes Mek. Verksted.
«Ro Venture» er søsterskipet til «Ro Vision», og er og identisk lik. Klikk for større bilete. Foto: Larsnes Mek. Verksted.

Sjølve utrustinga av fartøyet fortel Gunnarstein var ikke spesielt annleis enn dei føregåande fartøya dei har levert til rederiet. 

- Den einaste forskjellen er at me har tatt vekk ein motor, og satt inn ein batteripakke og SCR anlegg (Nox reinsing) på motorane. Dette er den sjette brønnbåten i same designserie som vi har bygd for Rostein, og den sjuande båten «Ro Venture» ligg her no og er under utrusting.

«Ro Venture» har byggenummer 66 og er identisk med «Ro Vision».

- Søsterskipet skal leverast, dersom alt går etter planen, rundt sommartider, fortel han til Kyst.no. 

Godt samarbeid

Verftet har fått eit veldig godt samarbeid med Marine Projects i Polen som bygger skroga til fartøya deira. 

- Dei har alltid levert etter skjema, og utrustingane bruker me rundt 5-6 månadar på å utføre. 

Samtidig som Kyst.no er på tråden må den travle verftssjefen ordne med hygienesertifikat og gje beskjedar til dei tilsette. Den sprudlande verftsleiaren fortel at dei har over 190 personar i jobb og arbeidet går som ynskja. 

- Me har totalt tre fartøy inne hos oss no. Nybygget «Ro Venture», samt «Ro Bris» som skal til Danmark å køyre smolt, samt «Ro Hav». Begge er inne for reparasjon. 

Hoveddata for «Ro Vision»: 

  • LOA  84,2 m
  • Bredde: 15,5 m
  • Dybde main deck: 8,0 m
  • Fisketanker: 3900m3
  • Klasse: DNV GL 1A DPS (1) E0
  • Design: Skipskompetanse AS SK 6000 DEH III.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse