Brønnbåten Ronja Ocean vart levert frå Myklebust Verft nylig. Foto: Uavpic.com.

Brønnbåten Ronja Ocean levert frå Myklebust Verft i dag

Båten har ein brønnkapasitet på heile 3200 m3, og kan frakte om lag 500 tonn levande fisk. Ronja Ocean skal inn på ein femårig kontrakt med Oppdretternes Miljøservice.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sølvtrans er eit av verdas største brønnbåtreiarlag, og Ronja Ocean er fartøy nummer 22 i flåten til selskapet.

Brønnbåten er bygd ved Myklebust Verft i Gursken i Sande kommune. Verftet er ein del av Kleven Group, som også eig Kleven Shipyard. Les meir her. 

Enda ein brønnbåt er under bygging for Sølvtrans ved Myklebust Verft, med levering til hausten 2017.

Ronja Ocean vart døypt i Ålesund 4. mars, med Lisbeth Berg Hansen som gudmor.

Det nær 80 meter lange fartøyet er av typen NVC 387 frå Rolls-Royce, og fiskehandteringsutstyret frå MMC i Herøy.

  • Kleven er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern. Konsernet leverer store og teknologisk avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar.
  • Kleven har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og går med dette mot straumen i norsk skipsbygging.
  • Konsernet har to verft: Kleven Verft AS i Ulsteinvik og Myklebust Verft AS i Gursken i Sande kommune.