Gå til innhold
Annonse

Eide Fjordbruk kjøper seg inn i smoltanlegget Lialaks

Lialaks. Foto: Eide Fjordbruk.
Lialaks. Foto: Eide Fjordbruk.

Eide Fjordbruk AS melder dei har inngått avtale med Erko Seafood AS om kjøp av 70 % av aksjane i settefiskprodusenten Lialaks AS. 

Annonse

Selskapet held til i Solund Kommune i Sogn og Fjordane og produserer ca 600 000 laksesmolt årleg.

Eide Fjordbruk AS har allerede betydeleg aktivitet i Produksjonsområde 4 som Solund er ein del av.

- Me ynskjer å investere i akvakulturvirksomhet i Sogn og Fjordane for på sikt å kunne bygge opp et bærekraftig kluster med både settefisk- og matfiskproduksjon i same region, denne investeringa markerer første steg i denne retninga for oss. Investeringa er også med på å sikre Eide Fjordbruk tilgang på lokal, eigenprodusert smolt, og vil bidra til vidare verdiskaping i lokalsamfunnet, skriv assisterande dagleg leiar Sondre Eide i ei pressemelding.

Annonse