Gå til innhold
Annonse
Rolf Inge Longva er tilsett i Blue Ocean Technology. Foto: Blue Ocean Technology.
Rolf Inge Longva er tilsett i Blue Ocean Technology. Foto: Blue Ocean Technology.

Etter fem år som leiar i kommunal verksemd kjem Rolf Inge Longva attende til sjømatnæringa. Denne gongen er det Blue Ocean Technology som får dra nytte av kompetansen som den tidlegare gründeren frå Sunnmøre bringe med seg.

Annonse

Longva begynte som utstyrsleverandør for havbruksnæringa i 1985, og starta eige selskap i 1990. I 2007 vart dei kjøpt opp av Ocea, som i dag heiter Steinsvik. Her jobba han fram til 2012 då han skifta beite for ein periode.

Frå trygg leiarjobb til grunderverksemd

Rolf Inge Longva kjem frå Brattvåg på Sunnmøre og har i hovudsak jobba innanfor sal, marknadsføring og bedriftsleiing i heile sitt yrkesaktive liv. No har han sagt opp ein trygg og sikker leiarjobb i eit kommunalt føretak, for å komme attende til det han oppleve som eit utfordrande, men utruleg spanande næring.

- Eg vart påkalla, og då måtte eg jo berre takke ja. Kombinasjonen av å jobbe med eit nytt produkt, på same tid som eg får jobbe ut mot ei næring som eg kjenner godt, vart for freistande, seier Longva i ei pressemelding.

Han har jobba mange år saman med Hans Runshaug som er styreleiar i selskapet, og understrekar at dette har vore med å påverka valet om å takke ja.

- Runshaug er ein ærleg og solid kar å jobbe ilag med, så dette må jo berre bli spanande, framhevar sunnmøringen.

Viktig å utnytte ressursane

Den gongen Longva starta i havbruksnæringa vart auskar enno brukt til fôring. Når vi ser på fôringsteknologien som er tatt i bruk nokre ti-år seinare, så forstår vi at det er snakk om ei moderne næring i rask utvikling. Difor trur han også at næringa kjem til å ta nye krav om oppsamling og reinsing av feces og fôrrestar på strak arm, og ser fram til å jobbe ut mot kundane med ein fornuftig og spanande teknologi.

- Personleg ser eg veldig fram til å arbeide saman med Rolf Inge igjen. I eit selskap som skal vekse seg større er vi avhengig av å ha med folk som har levert resultat over tid, og som kjenner den næringa vi arbeider med. Difor set vi stor pris på at Rolf Inge takka ja til å vere med oss, seier Runshaug

Jan Henning Legreid som er dagleg leiar i Blue Ocean Technology ser også fram til å få Rolf Inge Longva med på laget. Det er stort trykk på marknadssida, og han ser det som viktig å få flinke folk med erfaring og nettverk med på laget.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse