Dagleg leiar Erlend Haugarvoll i Lingalaks. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Eit steg nærare etablering av nytt setjefiskanlegg

Eide Fjordbruk AS og Lingalaks AS har gjennom deira felles selskap Ænes Inkubator, planlagt å bygga nytt anlegg for produksjon av setjefisk på land i Kvinnherad kommune. Med løyve frå NVE, er dei no eit steg nærare realisering.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

NVE ga tysdag oppdrettarane løyve til uttak av vatn frå Æneselva i Ænesvassdraget, for bruk i produksjonen. Produksjonen ved anlegget vil omfatte heile produksjonssyklusen frå egg og yngel til smolt/postsmolt for utsett i sjømerdar. Og dei ynskjer ein kapasitet til å produsere av 6,6 millionar 200 grams smolt.

- Antal fisk produsert vil nok variere då ein har moglegheit til å produsere fisk i ulik storleik på 50-800 gram, fortel Erlend Haugarvoll som er dagleg leiar i Lingalaks til Kyst.no. Han er nøgd med at dei no har fått løyva fra NVE.

Det som gjenstår er løyvet til å produsere fisken, og søknad om dette vert sendt frå oppdrettarane om litt.

- Ænes Inkubator AS er under prosjektering, og ligg an til forventa byggestart i løpet av året. Prosjektet er veldig spanande, legg Haugarvoll til.

Sjølvforsynte med smolt

Eide Fjordbruk AS og Lingalaks AS driftar i dag sine lokalitetar i mellom anna Hardangerfjorden og ynskjer å vere sjølvforsynte med setjefisk. Dette vil bli realisert gjennom etablering av anlegget.

Det nye anlegget er planlagt som eit resirkuleringsanlegg. Full utbygging vil verte realisert gjennom fleire byggetrinn, der første utbyggingstrinn vert nye fiskehallar og administrasjon på sørsida av fylkesvegen, samt ny djupvasskai nord for fylkesvegen. Dei ser for seg å produsere både postsmolt, stor smolt, også ved bruk av sjøvatn.

Planområdet utgjer om lag 80 dekar, og det har tidlegare vore smoltproduksjon og laksepark på næringsarealet. Det er og planlagt ny kai for å sikre tilkomst for større brønnbåtar.

Nye arbeidsplassar vil vere knytta direkte til prosjektet i to hovudfasar; bygge- og driftsfase. Samla sett vil tiltaket vera eit viktig bidrag for å skapa nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet.

Ordførar jublar over arbeidplassar

Ordførar i Kvinnherad kommune Peder Sjo Slettebø (H), jublar over tilsegnet på Facebook:

- Det vert gitt konsesjon til nytt settefiskanlegg på Ænes. Dette betyr 15-20 nye arbeidsplassar og investeringar på rundt ein halv milliard! Gratulerer til Kvinnherad!, skriv ordføraren.