Egil Johansen

Enno like fornøgd med strømbedøving

Egil Johansen i Nord-Senja Fiskeindustri AS har brukt strømbedøving i over tre år, og utanom dei fire første månadane, har dette fungert veldig bra. -Vi har ikkje fått ei klager etter vi var ferdige med innkøyringsperioden, seier Johansen.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Logistikken må fungere Men Johansen er opptatt av å få fram at ein ikkje berre må sjå på sjølve singelbedøvaren, og korleis denne fungerar. Logistikken før og etter er også avgjerande for å få maskina til å fungere slik den skal. -Dersom det kjem 60 fiskar på ein gong, så fungerar det ikkje. Tilføring av fisk må skje jamt og trutt, det er jo ein singelbedøvar vi snakkar om, seier Johansen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Må tilpassast på dei ulike bedriftene Sjølv om tilpassinga på Nord-Senja Fiskeindustri har fungert, så trur Johansen det er mange ulike faktorar som verkar inn. Hans system er enkelt, billeg og praktisk, men han framhevar at det heilt sikkert vil vere meir komplisert på større anlegg.