Multivolt har fått støtte til å kartlegging av potesnial for elektrifisering av havbrukslokalitetar. Foto: Multivolt

Får støtte til landstraum i habruksnæringa

Multivolt AS  har fått støtte til å kartleggje miljø-, klima- og økonomisk potensial i å etablere landstraum for havbrukslokalitetar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Multivolt AS skriv i ei pressemelding at dei har fått innvilga støtte på 300.000 kr frå Marint Verdiskapingsfond til å kartlegge miljø-, klima- og økonomisk potensial til å etablere landstraum for havbrukslokalitetar i Sogn og Fjordane.

- Prosjektet skal utførast perioden 2019 – 2020 i samarbeid med forsking- og utviklingsavdelinga Akvahub AS der Multivolt er ein av eigarane, fortel dei.

Kartlagging av potensial

Lokalitetane som deltek i kartlegginga vil ifølge medlinga få utarbeidd ein rapport som syner potensial og investeringskostnadar ved tilknyting til-, eller oppgradering av landstraumtilførsel.

- Vi ynskjer å legge til rette for at oppdrettslokalitetane i Sogn og Fjordane blir dei første i landet som blir fullelektrifisert med fornybar energi frå land. Lokalitetane som ynskjer å få kartlagt sitt potensial, har no ein gylden moglegheit til å få konkrete tal på bordet mot ein svært låg eigenandel, seier Tore Bråstad, dagleg leiar i Multivolt AS.

Christian Hatlem Skår er prosjektleiar i Akvahub AS og seier at dette er anledning til å skape ei endå meir berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Foto: Akvahub AS

Berekraftig utvikling

Ein rapport frå Bellona og ABB syner at elektrifisering av havbruksnæringa kan bidra til kutt av klimagassar på opp mot 300 000 tonn CO2. Dei fortel videre i meldinga at elektrifiseringsprosjektet til Multivolt skal omsetje dette til kva det betyr for den enkelte lokalitet i Sogn og Fjordane.

- Vi håpar at flest mogeleg nyttar denne anledninga til å få kartlagt framtidige energibehov og synleggjort potensialet som ligg i landstraum. Saman med Multivolt og oppdrettarane i Sogn og Fjordane gjev dette oss ei flott anledning til å skape ei endå meir berekraftig utvikling av havbruksnæring, seier Christian Hatlem Skår, prosjektleiar i Akvahub AS.

For deltaking i prosjektet oppfordar ein til å kontakte prosjektleiar i Akvahub, Christian Hatlem Skår.