Gå til innhold
Dei 22 tilsyna i legemiddelkampanjen gav totalt 70 avvik og 23 forbetringspunkt. Foto: Colourbox
Dei 22 tilsyna i legemiddelkampanjen gav totalt 70 avvik og 23 forbetringspunkt. Foto: Colourbox

22 tilsyn med internkontrollsystem for bruk av legemiddel hos oppdrettarar, gav totalt 70 avvik og 23 forbetringspunkt. Sju av tilfella var brot på forbodet mot å sleppe ut legemiddel i nærleiken av rekefelt og gytefelt.

Fiskeridirektoratet gjennomførte i 2020 ein tilsynskampanje med mål om å undersøkje om verksemdene gjennom sine internkontrollsystem sikrar miljømessig forsvarleg bruk av legemiddel.

- Tilsynskampanjen avdekte samla sett eit relativt stort tal avvik, noko som viser at det var viktig å sette miljøpåverknad frå legemiddel som eit prioritert område for tilsyn i 2020, seier Magnus Torvik, seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet.

Dei 22 tilsyna i legemiddelkampanjen gav totalt 70 avvik og 23 forbetringspunkt.

- Resultata frå tilsynskampanjen viser at verksemdene utøver internkontroll i arbeidet med å kartleggje og redusere dei negative miljøeffektane frå utslepp av legemiddel. Det er positivt. Likevel er det stor variasjon i vurderingane som ligg til grunn, både i innhald og kvalitet, noko som viser at ikkje alle selskap har hatt like mykje fokus på at legemiddel kan ha negative konsekvensar for miljøet, seier Torvik.

Fiskeridirektoratet avdekte sju tilfelle med klare brot på forbodet mot å sleppe ut legemiddel nærare enn 500 meter frå rekefelt og gytefelt (akvakulturdriftsforskrifta § 15 b).

- Eksempelvis resulterte utilstrekkeleg forarbeid til at oppdrettsselskap ikkje var klar over rekefelt eller gytefelt og difor behandla fisken i heilpresenning i staden for brønnbåt, og i andre tilfelle at brønnbåtar tømde badebehandlingsvatn utan å vere klar over rekefelt eller gytefelt, seier Torvik.

Manglande kunnskap

Med tjue avvik og sju forbetringspunkt, skilde funna knytt til akvakulturdriftsforskrifta § 15 andre ledd seg klart ut i tilsynskampanjen. Denne paragrafen gjev heilt konkrete reglar for vurderingane verksemdene må gjere ved bruk av legemiddel mot lakselus.

- Fiskeridirektoratet har gjennom tilsyna formidla ut våre forventingar til næringa når det gjeld bruk og utslepp av legemiddel. Verksemdene som har hatt tilsyn har på si side gjennomført forbetringar som skal sørgje for at regelverket blir etterlevd, og vi vurderer at tilsyna har fungert etter hensikta og hatt god effekt, seier Torvik.

I dei fleste tilfella kor akvakulturverksemdene bryt regelverket som gjeld utslepp av og miljøpåverknad frå legemiddel, skjer det grunna for lite kunnskap om miljøet kring oppdrettsanlegget.

Ikkje alle verksemdene kjende til at Fiskeridirektoratet har eit kart for å planlegge bruken av legemiddel i tråd med regelverket.

Fiskeridirektoratets har òg to publikasjonar om rettleiing i regelverket. Desse publikasjonane utdjupar krava i regelverket og signaliserer kva som minimum er forventa i verksemdene sine risikovurderingar.

For å kunne bruke legemiddel til å behandle fisken mot lakselus, er det krav til å vurdere dei lokale forholda og finne tiltak for å redusere negative konsekvensar for miljøet.

- Desse krava var i nokre tilfelle ikkje kjende for selskapa. Andre argumenterte med at dei hadde hovudfokus på fiskevelferd. Derfor hadde dei jobba mindre med å vurdere korleis ulike legemiddel påverkar miljøet, avsluttar Magnus Torvik.

Har du en sak du
vil tipse oss om?