Brønnbåten Ronia Diamond vart døypt i Bergen laurdag 23. september. Strålande sol og folkefest i byen i samband med sykkel-VM gav ei flott ramme for dåpen for gudmor Anja Halsebakk og dei andre gjestane. Foto: Olav Thokle.

Folkefest under skipsdåpen til Ronia Diamond

I laksehovudstaden Bergen, under sykkel VM, var det i dag duka for skipsfest då Ronia Diamond vart døypt. Sjå bileta frå dåpen i saken.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ronia Diamond vart døypt midt under sykkel-VM-eventyret med mange tilstades laurdag.

Koplinga til sykkel-VM er Robin Halsebakk som er marknadssjef i Sølvtrans i sommar sykla 4500 kilometer frå Grimstad til Kirkenes. Dette gjorde han for å promotere sykkel-VM, besøke sjømatbedrifter og samtidig samle inn pengar til kreftsaka.

Ein bunadskledd Robin Halsebakk hadde tidlegare på dåpsdagen vorte intervjua av TV2 og fekk vist fram båten i beste sendetid, og fortel den ikkje er heilt ferdigstilt, men at dei måtte få den ned til sykkel-VM i laksehovedstaden for å visa den fram.

Halsebakk seier til kyst.no at sykkelturen var ei stor positiv overrasking frå A til Å.

Robin Halsebakk staselig kledd i bunad under Sølvtrans båten i Bergen sentrum laurdag. Her syner han fram milliongåva han skal overrekke Kreftforbundet. Foto: Heidi Angell Jakobsen.

- Både når det gjeld engasjementet langs kysten frå både sjømatnæringa og små lokalsamfunn, alle folka vi har fått møte, innsamlinga til kreftsaka og ikkje minst den store opplevinga av å faktisk sykle heile Noreg på langs, og å få vere på tur med en fantastisk kollega, seier Halsebakk til kyst.no.

- Heile turen er fortsatt litt surrealistisk, og eg slit med å finne riktige ord for å faktisk beskrive kor fantastisk heile turen var, legg han til.

Ovverrekte ein million kroner

Resultatet vart imponerande 1 million kroner. Desse vart overrekt til Kreftforeninga under dåpsseremonien på Statsraad Lehmkuhl-kaia.

- Det er utruleg stort å på vegne av sjømatnæringa, sykkel VM og Sølvtrans, saman med alle som har vært med å bidratt, overrekke over ein million kroner til Kreftforeninga. Det er ei heilt fantastisk kjensle!, seier Halsebakk.

- Foreninga fortener kvar ei krone som kan bidra til å hjelpe dei som har utvikla kreft, og forhåpentlegvis finn dei ei løysing på utfordringa! Alle har dessverre et forhold til kreft, enten direkte eller indirekte, og eg synes det er viktig å bidra i kampen.

- I hovudet var jeg ikkje så sliten, og kroppen føltes heilt frisk og rask! Likevel levde eg i ei "boble" med eit klart mål om å nå fram til Kirkenes, uansett kostnad.

- At det var så langt mellom sjømatbedriftene i nord gjorde at det blei svært lange daglige distansar. Siste dagane fra Tromsø til Kirkenes, via Nordkapp, hadde vi rundt 21 mil i snitt med etapper opp i 26 mil. Kroppen blei nedbrutt og musklane i låra blei så nedbrutt at det vart utvikla rabdomyolyse og rett på sykehuset då eg kom heim.

500 tonn levande fisk

Ronia Diamond, bygd ved Myklebust Verft for Sølvtrans, er selskapets nye tilskot i brønnbåtflåten. Fartøyet er nær 80 meter langt og av typen NVC 387 frå Rolls-Royce.

Gudmor til fartøyet var Anja Halsebakk, som er dotter til administrerande direktør i Søvtrans Roger Halsebakk.

Fartøyet har ein brønnkapasitet på heile 3200 kubikkmeter, og kan frakte om lag 500 tonn, tilsvarande rundt 150 000 levande fisk.

I tillegg til transport av levande fisk, er  båten spesielt rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lakselus.

Fartøyet skal først operere i Norge, men skal allereie neste år til Chile for å starte på ei langsiktig kontrakt.

Søsterskip 

Søsterskipet Ronja Ocean vart og tidlegare i år  levert frå Myklebust Verft, og gjekk i mars rett inn i ein langtidsavtale for OMS i Nord-Trøndelag.

Les også:

Sjå fleire bilete frå dåpen under. 

[gallery link="file" columns="7" size="medium" ids="147429,147528,147500,147527,147430,147434,147432,147498,147497,147504,147433,147426,147241,147240"]

- Kor sleten var du etter at turen var fullført?

Salgssjef Petter Gunnarstein, er tydeleg stolt over den nye brønnbåten Ronia Diamond. Foto: Heidi Angell Jakobsen.