Gå til innhold
Annonse
MS Egil klar for seglas fra Polen til Noreg. Foto: Endre Legland/Bolaks.
MS Egil klar for seglas fra Polen til Noreg. Foto: Endre Legland/Bolaks.

Bolaks sitt nye fartøy MS Egil har nyleg tatt den lange ferda frå Polen til Norge. Kaptein på den nye arbeidsbåten fortel seglasen gjekk flott, og ser no fram til å drifta båten i Eikelandsfjorden. 

Annonse

Dagleg leiar Ronald Refvik Hellesnes i Risnes Marine Craft som er leverandør av fartøyet, har i fleire dagar segla frå verftet Swinoujscie i Polen til Noreg med arbeidsbåten M/S EGIL tilhøyrande oppdrettselskapet Bolaks i Fusa.  

På den fem dagar lange turen har Hellenes fått med seg Bolaks tilsett Endre Legland (23), som før turen såg fram til sin fyrste lange seglas. 

Endre Legland (23) var spent på turen frå Polen til Noreg, og seier i etterkant at seglasen gjekk kjempe flott, og er glad for at han fekk vera med. Klikk for større bilete. Foto: Risnes Marine Craft.
Endre Legland (23) var spent på turen frå Polen til Noreg, og seier i etterkant at seglasen gjekk kjempe flott, og er glad for at han fekk vera med. Klikk for større bilete. Foto: Risnes Marine Craft.

Turen starta på tysdag 13 mars, og søndag 18. mars var båten på plass i Bergen. Legland som skal vera kaptein til vanleg på fartøyet seier til Kyst.no at seglasen var kjempeartig.

-  Me gjekk direkte fra verftet i Polen til Skagen, og via Sørlandet opp til Vestlandet. Vi fekk testa båten i ulikt ver og alt gjekk veldig greit, seier han 

Hellenes påpeikar at det fartøyet er ein god sjøbåt. 

- Den er stille og roleg. Me passa på at verforhalda var bra og det var dei største delen av turen. Så alt gjekk kjempefint, seier Hellenes. 

Røktarbåt til Bolaks

Det var under havbruksmessa Aqua Nor i fjor at avtalen mellom Risnes Marine Craft og Bolaks vart signert. Arbeidsbåten skal operera på dei to lokalitetane Oterstegdalen og Skavhella i Eikelandsfjorden. 

- Båten er godkjent for slep, og skal mellom anna vera med på Thermolicer-operasjonar og vanlege røktaroppgåver, legg den unge kapteinen til. 

Bolaks skal overta fartøyet i slutten av veka. Før det, skal den gjennomgå nokre godkjenningar i Bergen, før den skal overleverast. Båten er av typen “Myre 15” og har byggenummer 204. Den er bygd med katamaranskrog i stål og er 14,99 meter lang, og ni meter brei.

Oppdrettsbåten er utstyrt med kran og vinsj, og manøvreringssystemet frå PMH. Samt framdriftssystem frå Nogva. 

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse