Forskarane vil no undersøka kvifor skjela brått blir borte.Foto: Stein Mortensen, Havforskingsinstituttet

Framleis uklart kvifor blåskjela brått forsvinn

- Forskarane har endå ikkje funne ei samla forklaring på kvifor blåskjel langs Norskekysten plutseleg vert borte. I nokre av tilfella trur forskarane svaret kan vera sjukdom, melder Havforskningsinstituttet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ettersom meldingar om blåskjel som forsvinn heldt fram med å komme, valte Havforskingsinstituttet å undersøke saka nærare.

- Vi bestemte oss for å undersøke og systematisere meldingane, for å sjå nærare om det var fellestrekk, som kunne vise til ei årsak til at dette skjer, fortel forskar Tore Strohmeier.

Les også: Oppdrettsnæringen står trolig ikke bak blåskjell-mysterium

Framleis eit mysterium

Forskarane hadde fleire hypotesar til kvifor lokale blåskjelbestandar forsvann, som næringsverksemd, temperaturendringar i havet eller miljøgifter.

Men det var ingen klare fellestrekk som peika seg ut.

- Vi hadde håpa å finne ein felles faktor, men det gjorde vi ikkje. Det var ikkje mykje som var likt for alle plassane vi fekk inn meldingar i frå, fortel Strohmeier.

Han understrekar at det heller ikkje er nokre av dei moglege årsakene som ein kan utelukka.

- Det kan sjå ut som det kan vera ulike årsaker til at blåskjela vert borte, frå dei ulike lokalitetane.

Enkelte stader kan det også sjå ut til at blåskjela kjem tilbake, eller at dei har flytta seg ein kort avstand.

Heile rapporten kan du lesa her.

Sjukdom kan vera ei årsak

Denne første undersøkinga er basert på ein gjennomgang av meldingane som har komme inn til Havforskingsinstituttet.

Nokre av rapportane viste at skjela har døydd akutt. Det kan tyda på at det i nokre av tilfella kan vera sjukdom som er årsaka til at skjela forsvinn.

Nyleg vart to prøvar frå bestandar der blåskjel døydde akutt, undersøkt av forskarane. Men ein fann ikkje noko klar årsak til kvifor skjela døydde.

Parasittsjukdom funne i skjell på Vestlandet

Nyleg vart parasitten Marteilia refringens funne i blåskjel på Bømlo i Hordaland.   Denne parasittsjukdommen har aldri før blitt påvist i Noreg.

Skjell som er smitta av parasitten kan døy av avmagring og skader i fordøyingssystemet.

- I blåskjel vi har samla inn frå andre område langs kysten har vi så langt ikkje påvist denne parasitten, seier seniorforskar Stein Mortensen.

- Men parasitten kan vera ei av fleire årsaker til at blåskjela døyr.

Vil fortsetta jakta etter svar

I det vidare arbeidet vil forskarane finna ut kor utbreidd parasitten Marteilia refringens faktisk er langs norskekysten.

Både ville bestandar og dyrka blåskjel vil bli undersøkt.

- Vi er allereie i gang med nye undersøkingar på funnstaden på Bømlo, fortel Mortensen.