Fisking etter røymd laks i Hardanger. Foto: Ørjan Solheim.

- Ikkje aktuelt med fleire analysar

Kva rømt fisk søm eigentleg i Hardangerfjorden? Mange undrar seg over om det har vore fleire rømmingar. Vi spurde Fiskeridirektoratet kva dei tenkjer.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Erik Sterud "twitra" i førre veke dette biletw av rømt laks fangsta i Hardangerfjorden. Foto: Screenshot Twitter.

Erik Sterud «twitra» i førre veke eit bilete av oppdrettslaks fangsta i Hardangerfjorden, og meinte at denne hadde  tegn til PD, og var bekymra for situasjonen i området. I ettertid har Lingalaks som hadde ei rømming tidlegare i vår, avvist at denne fisken kjem frå deira anlegg.

Norske Lakseelver får stadige bekymringstelefonar om rømmingssituasjonen i Hardangerfjorden. Der mykje går på at det må være flere rømmingar, med tankje på at det så stor størrelsesspreiing av laksen, uttalte Sterud i førre veke.

Gjenfangsten etter Lingalaks-rømminga ligg og førebels på over 20 prosent, noko fleire har peika på som særs uvanleg.  Kyst.no tok difor igjen opp kontakt med Fiskeridirektoratet for å høyre kva dei tenkjer om fleire rømmingar og kva tiltak dei set i gong for å finna ut kor fisken kjem frå.

- Den informasjonen vi har per i dag om den rømde fisken gjer ikkje grunnlag for mistanke om at det nyleg har vore fleire rømmingar, konstaterer Leni Marie Lisæter, seksjonssjef ved forvaltningsseksjon region Vest i Fiskeridirektoratet

- Fiskeridirektoratet har ikkje mistanke om andre rømmingar i området og det er difor ikkje aktuelt med analyser av fisken, legg ho til.

Pålegg om overvaking

På spørsmål om dei vil kome meir på bana når det gjeldt vidare undersøking av rømd laks som er gjenfangsta,  er det tydeleg at direktoratet berre ser til Lingalaks-rømminga.

Les også:– Framleis mykje røymt fisk i Hardangerfjorden 

- Den rømte fisken utgjer primært ein trussel for villaksen i samband med gytinga på seinhausten. Fiskeridirektoratet har gitt Lingalaks pålegg om overvaking og utfisking i nærare 20 vassdrag i regionen utover hausten. Erfaringa frå situasjonen med mykje nyrømt fisk i Hardangerfjorden på sommaren i fjor viser at det på denne måten er mogleg å oppnå lavt innslag av oppdrettslaks i gytebestandene på hausten, seier Lisæter

- I og med at vi her handterer ei rømmingshending med kjent kjelde, og Lingalaks har fått pålegg om å gjennomføre naudsynte tiltak i vassdraga i regionen, ville ikkje merking gjort nokon forskjell i høve til å motverke uønska miljøeffektar, legg ho til.

Leni Marie Lisæther. Foto: LinkedIn.

Ho påpeikar at selskapet fekk raskt pålegg om utvida gjenfangst i sjøen utover 500 meter.

- Dette fisket vart avslutta etter to veker då gjenfangsten gjekk drastisk ned. Det er ikkje ynskjeleg å drive gjenfangst i sjø med garn no av omsyn til villaks og sjøaure, legg ho til.

- Tett dialog

Ho fortel at Fiskeridirektoratet vil ha tett dialog med Lingalaks og Fylkesmannen i Hordaland for å sikre at pålegget om overvaking og uttak av rømt fisk frå elvane vert gjennomført på ein god måte.

- Vi vil sjølvsagt og etablere dialog med selskapet som skal utføre arbeidet.

Lisæter viser så til at direktoratet gjer ei løpande vurdering av behovet for tiltak i alle rømmingssaker

– Uavhengig av utgiftene. Søknad til OURO om refusjon av utgifter er noko vi eventuelt gjer når ei sak er avslutta, opplyser ho.

Ho fortel at Fiskeridirektoratet har ein god dialog med både oppdrettsnæringa og villaksinteressene i samband med handtering av rømmingshendingar.

-  Vi byggjer vår oppfølging på det til einkvar tid beste fakta- og kunnskapsgrunnlaget og reknar med det er semje om at tiltaka som no vert sett i verk er den beste måten å handtere den rømte fisken på, konkluderer ho.