Paul Birger Torgnes

Ikkje nye moment i klagen

Naturvernforbundet i Nordland har klaga tildelinga av oppdrettslokalitetar til Fjord Marin Cod i Velfjorden i Nordland inn til Fylkesmannen. Men dagleg leiar Paul Birger Torgnes kan ikkje sjå at dette har gjeve nye moment i saka.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Torgnes kan ikkje sjå at klagene som er lagt fram i samband med tildelinga av oppdrettslokalitetar til Fjord Marin Cod i Velfjorden i Nordland inneheld nye moment som ikkje har kome fram i den ordinære sakshandsaminga som vart gjennomført før tildelinga. Alle instansar er einige Naturvernforbundet meinar det bør gjennomførast konsekvensutgreiing på lokalitetane, men i fylgje Torgnes er dette spørsmålet grundig vurdert før sakshandsaminga, og alle instansar har konkludert med at søknaden ikkje fell inn under kravet om konsekvensutgreiing. Fylkesmannen har også stadfesta at lokalitetane ikkje ligg innanfor føreslåtte verneområde. Feile påstandar Torgnes meinar også at Naturvernforbundet sin påstand om utslepp frå oppdrettsanlegg er omlag ti gongar høgare enn det som skjer i verkelegheita. -For å dokumentere dette viser vi til Statens Forureiningstilsyn sine modellar for utrekning av utslepp og til rapport frå Bellona. Det viktigaste i denne samanhengen er at utslepp frå oppdrettsanlegg nesten ikkje er målbare i Norskehavet og Barentshavet. Mindre enn ein prosent av næringssalta i Norskehavet kjem frå menneskeskapt aktivitet inklusiv landbruk og fiskeoppdrett, seier Torgnes til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Torgnes påpeikar også at oppdrettsanlegg på land både vil vere miljøfiendtleg og ulønsame. Det vil krevje enorme mengder straum for å pumpe inn vatn. I tillegg vil det legge beslag på store områder i strandsonene som vil lage spor etter seg i naturen i lang tid. Dette i motsetting til kva som skjer med anlegg i sjø.