- Kan vere til hinder for kysttorsken

Kysttorsken kan ha ein veldig trong til å vandra heim for å gyta, og det har vore diskutert om oppdrettsanlegg kan hindra torsken frå å nå fram til gyteplassane sine. Førebels veit forskarane for lite om tema til å seia om det er tilfelle, og det trengs meir kunnskap om korleis kysttorsken taklar oppdrettsanlegg i nærmiljøet sitt.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ein ny rapport frå Havforskingsinstituttet gjer opp status for det ein så langt veit og det ein manglar av kunnskap om mulige effektar av oppdrettsanlegg på gyte- og oppvekstområde for torsk, kveite og andre artar. Kunnskapsstatusen omhandlar også villaksen sine vandringsruter. Forskarane Ørjan Karlsen og Terje van der Meeren har skrive rapporten, som er bestilt av Fiskeridirektoratet.

Kysttorsk og gyting

Den sentrale problemstillinga er om lakseoppdrett er til hinder for torsken – og då spesielt kysttorsk – når han er på vandring til dei faste gyteområda sine.

– Vi veit ein del om biologien til kysttorsken. Den er inndelt i lokale stammar som ofte er drivne av sterk heimvandringstrong. Kysttorsken gyt mellom anna innerst i fjordane, og det kan henda at oppdrettsanlegga lenger ute i fjorden får torsken til å vika unna slik at dei ikkje kjem seg til desse gyteplassane. Vi kan per i dag ikkje seia om dette er tilfelle, og det må forskast meir på feltet, seier Ørjan Karlsen.

Han fortel at det er skilnad på kysttorsken i nord og sør. Kysttorsken i nord ser ut til å vera mindre stasjonær, og er prega av eit større mangfald, som mellom anna omfattar skrei og såkalla banktorsk. Det kompliserer biletet.

Det er gjort ei rekkje merke- og gjenfangstforsøk på kysttorsk for å studera blant anna vandringsmønster. Gyteåtferd hos torsk og vandring etter rømming er studert ved hjelp av akustisk merking og lyttebøyer.

Smittespreiing og habitatsøydelegging

Torsk og sei vert tiltrekt av oppdrettsanlegg, der dei blant anna finn spillfôr og lys. Dette kan verka inn på dietten og energitilgangen deira, og i neste omgang påverka reproduksjon og vandringsmønster hos desse artane. Dei eventuelle bestandsmessige følgjene er så langt ukjente, men det vert gjort studiar på feltet. I rapporten vert det også peikt på at oppdrettsanlegg potensielt kan ha innverknad på vill marin fisk ved smittespreiing og negativ effekt på oppveksthabitat nær anlegga, men at det manglar konkret dokumentasjon på førekomst og omfang av slike mulige effektar.

Det er så langt ikkje dokumentert at oppdrettsanlegg påverkar vandring eller predasjon på utvandrande villsmolt eller på tilbakevandrande laks.

Å flytte oppdrettsanleggene lenger ut kan være et problem for kysttorsken, melder Havforskningsinstituttet. Foto: IMR.