Hege Hellberg

Kronisk smitteberar

Hege Hellberg ved Veterinærinstituttet skal presentere forskinga på nodaviruset under konferansen Frisk Fisk 2007 i Tromsø denne veka. -Eit spørsmål vi stiller oss er om fisken kan utvikle seg til å bli kroniske smitteberarar, seier Hellberg.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Sjukdom hjå torsk som har sitt utgangspunkt i nodaviruset vart første gong diagnostisert i Noreg i august 2006. Nodavirus gir sjukdommane viral nervevevsnekrose (VNN) og viral encephalopati og retinopati (VER). VNN/VER skuldast infeksjon med nodavirus og øydelegg nervevev i hjerne, ryggmarg og auge. Det finst fleire ulike variantar av viruset og det ser ut til at kvar art har sin variant. Dei ulike variantane kan også medføre sjukdom hjå meir enn ein art, slik at ulike fiskeartar kan smitte kvarandre. Sjuk fisk er den viktigaste smittekilda, men virus er svært motstandsdyktig og kan overleve lenge i vatn. Sjekkar stor fisk Forskarane sin kunnskap om nodaviruset byggjer først og fremst på undersøkingar av yngel, men no er Hellberg i gang med eit prosjekt der ho føl eit oppdrettsanlegg over tid for å kartlegge utviklinga av sjukdommen. -Vi undersøkjer litt større fisk, og det ser ikkje ut til at sjukdomsteikna forsvinn etter som fisken veks. Eit spørsmål vi stiller oss er om fisken kan utvikle seg til å bli kroniske smitteberarar, seier Helberg. Metodar for å avsløre sjukdom På Frisk Fisk 2007 vil Hellberg også snakke om dei metodane Veterinærinstituttet har for å avsløre sjukdom hjå torsk og anna fisk. -I tillegg til tradisjonelle metodar brukar vi også ”Real Time PCR”, som er ein moderne molekylærbiologisk metode som raskt og effektivt kan teikne eit bilete av kva sjukdom eller smitte vi har med og gjere, seier Hellberg.