Gå til innhold
Annonse
Mykje arbeid har vert lagt ned for å betre Vosso-stammen, til dømes sleping av smolt ut i havet. Men dei gode resultata er det verre med. Foto: Vossolauget.
Mykje arbeid har vert lagt ned for å betre Vosso-stammen, til dømes sleping av smolt ut i havet. Men dei gode resultata er det verre med. Foto: Vossolauget.

Mykje arbeid har vore lagt ned og både forsking, forvaltning og private interesser har bidrege. Trass i dette uteblir resultata. Kvifor lukkast vi ikkje? Spørsmålet dannar utgongspunkt for avslutningsmøtet til Vossolauget.

Annonse

Ifølge ei pressemelding har Vossolauget sidan 2008 gjort ein stor innsats for å reetablera Vossolaksen som ein haustbar bestand, men altså utan å lukkast.

Tirsdag 28. mai arrangerer lauget avslutningsmøte der de presenter ulike delar av arbeidet med å reetablera Vossolaksen som ein haustbar bestand.

- Eit godt samansett panel skal drøfta vegen vidare i dette arbeidet. Kor står vi no, og kva er moglege tiltak framover?, fortel styreleier i Vossolauget, Nils Inge Hitland i pressemeldinga.

Han peiker på at lakse-organisasjonane for Atlanterhavet (NASCO) og Stillehavet (NPAFC) har vedtatt at 2019 skal væra det internasjonale året for laksen.

- Programmet vårt markerer dette og med foredrag som viser den viktige rolla Vossolaksen kan ha den dagen vi løyser utfordringane.

Vossolaugets sluttrapport blir tilgjengelig på møtet.

Program og påmelding kan gjerast her: http://aqkva.no/vossolauget-avslutningsmote

 

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse