Nokre av dei tilsette i Landøy Fiskeoppdrett 2016. Foto: Landøy Fiskeoppdrett.

Landøy Fiskeoppdrett nærmar seg 100-talet

Betre biologi gjorde at Landøy Fiskeoppdrett AS sin omsetnad nådde nær 100 millionar i 2016.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Landøy Fiskeoppdrett har tre konsesjonar og driv oppdrett av laks og aure, på Værlandet i Askvoll kommune og omsette for 98,4 millionar kroner i 2016 (60,5 i 2015). Driftsresultatet som endte på 39,9 millionar i fjor (5,8 i 2015), ga ei solid auke i driftsmarginen til selskapet frå 10 % i 2015 til 41 % i 2016.

Ifølgje selskapet sitt årsrekneskap opplevde dei at problem og daudfisk grunna gjellesjukdom og parasittar var betydeleg mindre i 2016, enn året før.

- Gode prisar gjorde til at selskapet likevel er nøgd med resultatet. Likviditeten har vore tilfredstillande, skriv dei.

Dei peikar på at bedrifta har gode finansielle ressursar og at alle dagens miljøkrav er overhalde etter handlingsplan. Dei påpeikar og at offentlege rammevilkår kan verte ei utfordring framover, men meiner at bedrifta i dag ikkje har noko finansiell risiko.

- Vi har som mål å ha ei trygg, lønnsam, miljøbevisst og inkluderende bedrift, slår dei fast.

I årsrekneskapet kjem det og fram at selskapet tok tre millionar i utbytte, og  at styret ser arbeidsmiljøet i selskapet som bra.

- Det har ikkje vore skadar eller ulykker i 2016. Det ikkje vore sjukemeldingar i 2016.

Per utgongen av 2016 var åtte menn og to kvinner tilsette i bedrifta.