Gå til innhold
Annonse
Steinar Eliassen
Steinar Eliassen

Lofitorsk AS fekk prisen for den beste oppdrettstorsken i Noreg i 2007. Kåringa skjedde under "Sats på torsk" i Bergen sist veke.

Annonse

Kari Johanna Tveit Lofitorsk AS med kontorstad i Tromsø er eit nordnorsk konsern for torskeoppdrett som vart etablert i mai 2006. Det består i tillegg av Lofilab AS i Lofoten og Storfjord torsk AS i Nord Troms. Selskapet har i dag full kontroll med heile verdikjeda med yngelproduksjon i Lofoten og produksjon av matfisk i Nord Troms. Torsken frå Lofitorsk konkurrerte med fisk frå ti andre selskap, og juryen besto av ein kokk frå Norsk Sjømatsenter, ein frå Bergens Kokkenes Meisterlaug og ein Norsk Diplomkokk Foreining. Kriteria for kåringa av den beste oppdrettstorsken var knytt til farge på skinn og fiskekjøtt, lukt, konsistens, smak og saftigheit i kjøtet. Administrerande direktør Steinar Eliassen i Norfra som og er styreleiar i Lofitorsk AS er svært godt fornøgd med prisen. -Dette fortel meg at det å ha kontroll på fisken frå stamfisk til matfisk er viktig. Vi har gode tilhøve for fisken gjennom heile produksjonen, men vi har jobba lenge med dette og hatt mykje motgang på vegen, så det er veldig kjekt å få vist at vi produserar eit kvalitetsprodukt, seier Eliassen og legg til med eit smil at dette beviser at også vestlendingar har greie på kvalitet.

Annonse