Lerøy Vest har fire anlegg i Radfjorden i Hordaland som alle må bytte ut nøtene sine.

Må bytte ut kobbernøtene

Fylkesmannen i Hordaland har fått koparmålingane for Radfjorden som syner at heile fjorden er påverka av utsleppa. Koparmengda i sedimenta bryt grensene for dårleg miljøtilstand. Fylkesmannen har varsla at tiltak er naudsynt

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I ei sak på Fylkesmannen sin heimeside skriv dei at oppdrettarane i Radfjorden (som er Lerøy Seafood red.anm.) har allereie gjort tiltak.

- Alle anlegga i Radfjorden skal frå og med denne hausten nytte nøter utan koparhaldig impregnering eller nøter utan impregnering. Dette er i tråd med varselet Fylkesmannen sendte denne veka. Tiltak kan òg bli naudsynt på andre lokalitetar der det har skjedd ei stor oppsamling av kopar i sedimenta.