Gå til innhold
Annonse
Arkivfoto fra Cermaq i Hammerfest. Foto: Cermaq.
Arkivfoto fra Cermaq i Hammerfest. Foto: Cermaq.

Marine Harvest kom onsdag med ei auke på talet for kor mange oppdrettslaks som skal ha rømt frå anlegget deira på Voldnes i Herøy. Dei opplyste før at at 10-20 fisk hadde rømt frå anlegget i Rovdefjorden, medan no meiner selskapet at minst 250 oppdrettslaks rømte, melder Smp.no

Annonse

– Det er ein uheldig situasjon, og vi jobbar med å få klarhet i kva som har skjedd. Vi har også kontakta andre lokaliteter for å høyre om dei veit noko, seier inspektør Didrik Vartdal i Fiskeridirektoratet til smp.no.

Les også: Marine Harvest oppdaga hol i nota

Norges Jeger og Fiskeforbund i Møre og Romsdal mistrur også dei nye tala, og mistenkjer at rømminga har enda større omfang.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å seie sikkert, men vi trur det dreier seg om ei større rømming. Det meiner vi ut frå størrelsen på holet i merden, og innsiget vi ser av oppdrettsfisk i elvane, seier kontaktperson Åsa Fredly i fylkeslaget til avisa.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse