Merking med organisasjonsnummer

Fiskekvalitetsforskrifta vart den 1. januar 2007 endra. Heil og sløgd oppdrettsfisk skal no merkast med organisasjonsnummer.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeri og kystdepartementet har fastsett ei ny forskrift om slakteri og tilverkingsanlegg som vart gjeldande frå 1. januar 2007. Den nye forskrifta gjer i paragraf 18 endringar i kvalitetsforskrift 14. juni 1996 nr 667 om fisk og fiskevarer paragraf 21-2 nr 2. Vi gjer særleg merksam på at desse endringane ikkje har vore til høyring. I den endra paragraf 21-2 nr. 2 heiter det no at heil og sløgd oppdrettsfisk skal merkast med oppdrettaren sitt organisasjons- og lokalitetsnummer. Tidlegare var det krav om merking med konsesjons- og lokalitetsnummer. I staden for konsesjonsnummer skal det no altså merkast med organisasjonsnummer. Ein reknar dette for å vere betre i høve til formålet med merkekravet. Organisasjonsnummeret er mellom anna betre eigna til å identifisere ei verksemd enn konsesjonsnummeret då organisasjonsnummeret er eins i alle offentlege register.