Gå til innhold

Mogleg lakserømming hos Nordlaks ved Hadseløya

Oppdrettslaks i ventemerd. Foto: Therese Soltveit.
Oppdrettslaks i ventemerd. Foto: Therese Soltveit.

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei hending hjå Nordlaks Produkter AS ved Hadseløya i Nordland.

Nordlaks Produkter meldte søndag om mogleg rømming på lokaliteten Børøya Slaktemerd i Hadsel kommune i Nordland. Det var då oppdaga hol i ei ventemerd etter at lokale fiskarar hadde fått oppdrettslaks i sine garn, melder Mattilsynet fredag. 

Fiskeridirektoratet har fått tips om fangst av 14 oppdrettslaks i området sist helg og ser fangstene i samanheng med skaden hjå Nordlaks Produkter.

Selskapet har hatt ute gjenfangstgarn etter at skaden vart oppdaga, men har så langt ikkje fanga rømt fisk i desse.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips

Publikum kan melde inn tips om fangst av rømt oppdrettsfisk til direktoratets døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36. Tipsene vil bidra til å få eit betre bilde av omfang og korleis fisken spreier seg.

Har du en sak du
vil tipse oss om?