Gjengen på synfaring. F.v. Arve Søreide (Østerbø Maskin AS), Per Bessesen og Frode Johansson – begge fra Endúr Sjøsterk AS. Foto: Endúr Sjøsterk AS.

Ni strømaggregat til fôrflåtar

Ein stor og viktig installasjonsjobb for Østerbø denne våren resulterar i strømaggregat i tre nye fôrflåtar til Nordlaks levert av Endúr Sjøsterk AS. - Dette er nesten så vi kan rope 3 x 3 hurra for, seier Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er totalt installert 3 x 3 strømaggregat i støydempa kapsling, sies det i en pressemelding. Hver flåte har fått installert to store aggregat samt eitt lite til nattdrift. Dyktige fagfolk frå Østerbø har jobba hardt siste vekene for å få alt klart med installasjon og avkastkanalar.

- Sjekk dei nydelege detaljane i metallarbeidet, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS i en pressemelding.

Han legger til at strømforsyning til havbruk er noe som de liker å jobbe med.

- Akkurat denne installasjonen er ei løysing som er dimensjonert for det variable forbruket vi ser slike forflåtar har, seier han.

Det er tre slike flåtar som no blir leverte med Østerbø strømaggregat. Foto: Endúr Sjøsterk AS.

Stor og viktig jobb

Leveransen frå Østerbø på kvar flåte er 1 x 45 kVA og 2 x 200 kVA strømaggregat frå Himoinsa, samt installasjon av aggregat og avkastkanalar, eksos og diesel ombord i flåtane. Strømaggregata er sett i synk og vekslar saumlaust alt etter strømbehovet til flåten, både mellom aggregata og eventuell landstrøm.

- Dette er eit prosjekt med ein verdi på fleire millionar, så det seier seg sjølv at dette er ein viktig jobb for Østerbø. Berre i arbeidstimar passerar vi nok tusen timar. Vi takkar så mykje for tilliten og gratulerer Nordlaks Produkter AS med tre flotte nye flåtar frå Endúr Sjøsterk AS, avsluttar Søreide.