Gå til innhold
Annonse
Det blei satt inn fisk i Engesundmerden fyrste gong 24. oktober 2018. Her er ein video Engesund Fiskeoppdrett har teke dagen då fisken kom.

Den fyrste fisken som har fått svømme i betongmerda til Engesund, gjekk i sjøen for ei veke sidan.

Annonse

Merda som vart taua frå Bergen til lokaliteten Ådnekvamme i Masfjorden i slutten av august, har i perioden etter blitt testkjørt utan fisk. Planen var å settje inn fisk i byrjinga på oktober, men det trakk ut nokre veker ekstra.

- Testperioden vart litt forlenga, ettersom praksis viser at ting tek litt lenger tid enn ein tenker på papiret, fortel Gisle Andre Enstad som er produksjonssjef for Engesundmerden.

Godt nøgd med innkjøringa

Han seier vidare at alle systema stort sett har virka frå dei var ferdig installert, og det har ikkje dukka opp problem som ikkje kunne løysast på staden.

- Me er i så måte godt nøgde med innkøyringa av flåten og den siste fasen av prosjektet før fisken vart sett i karet, seier han.

Ukjende faktorar

Onsdag 24. oktober satt dei altså ut 150 000 fisk på 160 gram. Den vil verte sett ut i open sjø når den er 400 gram. 

Ettersom dette er fyrste gongen det er fisk i merden, er dei naturleg nok ekstra spent på korleis det går. Ikkje alt kan ein føresjå.

- Det er fleire prosjekt med lukka teknologi som har hatt til dels store utfordringar knytt til problemstillingar ein ikkje nødvendigvis kjenner før ein er i drift. Me har etter beste evne prøvd å lere av desse problema, og er sjølvagt spente på om våre løysingar vil syne seg robuste og driftssikre, seier Enstad.

Av ting han trekkjer fram er at slam og daudfisk-roboten til dels er eitt heilt nytt konsept og at metoden dei tenkjer å nytte til å få fisken ut av karet også vil vere spanande for dei å prøve ut.

- System, som oksygeneringsanlegg, landstraum, nødgenerator og pumper kan alle svikte, og den dagen ein må handle raskt må våre folk vere til stades med rette kunnskap. Difor har me brukt ein del tid på nettopp det å setje driftsoperatørar inn i systema, fortel han. 

Les også:
Les også:

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse