Den nye administrerande direktøren på plass hos Plany AS. Foto: Plany

Ny administrerande direktør i Plany AS

Jan Erik Våge Klepp byrja 1. juni som ny administrerande direktør i Plany AS.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Jan Erik Våge Klepp er 48 år, busett i Ålesund, utdanna sivilingeniør i marinteknologi frå Høgskolen i Ålesund og Newcastle University og har ein Master i Business Administration frå BI. Han har lang fartstid frå den maritime klynga på Nordvestlandet, og har brei leiarerfaring frå internasjonale konsern som Rolls-Royce Marine og Vard.

Vil bidra til vekst

Vekstplaner Jan Erik Våge Klepp seier han ser fram til å bidra til vidare vekst i den tradisjonsrike bedrifta i Gursken på Sunnmøre. - Plany har alle forutsetningar for positiv utvikling; eit godt omdøme, god kompetanse og løysingar som kundane etterspør i fleire marknader. Dette, kombinert med langsiktig eigarskap som ser verdien i produktutvikling og nytenking, gjer at potensialet for vidare vekst er til stades, seier nytilsett administrerande direktør Jan Erik Våge Klepp.

Erfaring og kompetanse avgjerande

Dagens leiar, Liva Christin Notøy, skal ut i svangerskapspermisjon frå hausten, og dermed var det naturleg å foreta leiarskiftet no – seier styreleiar i Plany John Ivar Olsen. Liva skal tilbake i si tidlegare stilling som økonomileiar etter endt permisjon. Styreleiaren seier vidare at dei hadde ein grundig prosess i å velge ny leiar med mange gode og kvalifiserte kandidatar. Tidlegare erfaring og kompetanse gjorde at valet til slutt falt på Jan Erik Våge Klepp.

Sigbjørn Notøy, gründer og hovedeigar av Plany ser fram til å samarbeide med ny leiar med nye impulsar, og som kan ta bedrifta endå eit steg vidare. Vi har hatt ei fin utvikling dei siste åra, og er godt førebudd til vidare vekst og utvikling.