Den nye arbeidsbåten vil ha inspeksjons-ROV om bord. Fotoillustrasjon: Sandsøy Båtservice.

Ny arbeidsbåt bestilt av Sandsøy Båtservice

Sandsøy Båtservice AS opplyser at dei har bestilt ein ny arbeidsbåt, som skal leverast til sommaren. Båten trur dei kan vera norges breiaste enskrogs-arbeidsbåt med størrelse 8,5x15m.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sandsøy Båtservice As leverar ringvask, notvask, ROV-inspeksjonar, bistand ved avlusing, med meir til oppdrettsnæringa.

- Vi opererar i spotmarkedet, og har ein fin auke i oppdragsmengda. For å imøtekome stadig strengare krav til arbeidsbåtar, og tilby dei ansatte gode arbeidsforhold, bestiller vi ny båt, fortel Aksel Ivan Bringsvor, dagleg leiar i Sandsøy Båtservice AS.

Han fortel vidare at i i samarbeid med bygg-e og designverftet Norse Celik, som ligg i Gebze/Kocaeli, Istanbul, har dei fått utarbeida eit nytt design på enskrogs-arbeidsbåt med størrelse 8,5x15m.

- Dette blir så vidt vi veit Norges breiaste arbeidsbåt (under 15m) med eit skrog, og får unike eigenskapar.

Ifølgje selskapet vert resultatet ein godt utrusta båt med stabilitet lik katamaran, men med betydelege lavare driftskostandar. Styrehuset blir plassert så langt fram som råd, og dette gir ein dekksplass på nær 70m2.

På dekksnivå får ein plass til garderobe, wc, tre dobble lugarar og oppgang til styrehus. Styrehuset inneheld messe/opphaldsrom, samt to styreposisjonar. Under dekk, blir det verkstad og lager, med inngang til maskinrom. Framdrift blir besørga av ein Scania DI13 - 600hk med Twin Disc gir, og i maskinrom blir det også plass til eit innebygd høgtrykksaggregat for notvask og ringvask.

I frå dekk blir det inngang til eige kontrollrom til ringvaskar, notvaskar og ROV. Båten vil ha inspeksjons-ROV om bord.

Båten vil få moderne utrustning iform av to 3 tonns capstan, 30t tauwinsj, styrepinnar og haikjeft for sikker sleping og ankerhandtering. Kran med radiostyring vil bli levert av Mariner, og er metallisert. Den har ein kapasitet på 65t/m og rekkevidde 20m.

Thrusterar framme og bak på 50hk, vil gjere båten lett å handtere. På dekk vil ein kunne manøvrere båten via fjernstyring. Vidare blir det installert generator på 75 kw. Det vil også bli montert ein batteripakke på 15Kwh, for å kunne ha nødvendig straum om bord utan bruk av aggregat om natta.

- Båten er planlagt levert juni 2017, og vil då umiddelbart gå i arbeid, fortel Bringsvor.