Gå til innhold
Annonse
Bjørn Simonsen
Bjørn Simonsen

Troll Fish AS som driv med torskeoppdrett i Lebesby i Finnmark er klar for vidare ekspansjon. I samband med generalforsamling sist veke fekk styret fullmakt til å gjennomføre ein emisjon på 10 til 15 millionar kroner.

Annonse

Kari Johanna Tveit Emisjonen vert gjennomført for å styrke kapitalbasen for ytterlegare vekst. Selskapet legg no planar for etablering i to nye områder i Laksefjorden. Med tre effektive driftsklynger vil selskapet legge grunnlage for å bli ein sentral aktør i bransjen. Troll Fish har positive erfaringar etter eit år med omlag 200.000 fisk i sjøen. Frå basen i Trollbukt med nærleik både til vei og anlegg, har selskapet etablert ein liten men effektiv operasjon. I Troll Fish har ein vore flink å ta i bruk teknologisk utstyr. Det vert mellom anna drive systematisk med kamera, biomasseramme og miniubåt. Erfaringane så langt tilseier vidare satsing med utgangspunkt i det etablerte driftskonseptet. Veksten har lagt over budsjettføresetnadane, på same tid som dødlegheita har vore lågare enn det ein la til grunn ved utsett. -Vi er veldig fornøgde med erfaringane så langt, så no er grunnlaget for ei oppskalering i Laksefjorden større, seier avtroppande styreleiar Bjørn Simonsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Selskapet vert leia av Arnkjell Bøgeberg. Roar Nyhus er ny styreleiar og Carl-Erik Haavaldsen, Johan Solbu Braaten og Johnny Myhre er medlemmar i det nye styret.

Arnkjell Bøgeberg (Rettighetshaver: Bjørn Simonsen)
Arnkjell Bøgeberg (Rettighetshaver: Bjørn Simonsen)
Dagleg leiar Arnkjell Bøgeberg i Troll Fish skaffar seg oversikt over biomassen i anlegget.
Foto: Bjørn Simonsen

 

 

Annonse